Du er her

U-vår gir u-år

Austpå er mykje jord tapt i flaumen. Våronna er stadig bakpå i Sør-Norge. Vestlandet opplever verste isbrann-våren i manns minne. Forsøksringane varslar fôrmangel.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 29.05.2013 12:45

Norsk Landbruksrådgjeving Gudbrandsdalen melder i sitt medlemsskriv at flaumskadane i år er verre enn i 2011.
– Det mest dramatiske er alle bekkane og elvene som gjekk avlaust og tok med seg vegar, grov djupe sår i jorda og samstundes la att store mengder stein og brask særleg der terrenget er flatt, skriv dei.
– I dalbotnen sto Laugen over det meste av dei låge vollane. Her er det ymse skadar slik som tilslamming, graving og bortføring av matjordlaget, melder forsøksringen vidare. Særleg ille var det på nysådd jord. Også gardsvegar, driftsvegar og skogsvegar er ille medfarne. Ringleiar Eivind Bergseth tilrår difor at stikkrenner blir overdimensjonerte mot tidlegare praksis, og at vegane blir tillaga slik at dei har ei dump der vatnet kan renne over om stikkrennene går tette.


Kutt korn, så grønnfôr  

Der det enno ikkje er sådd, og det er planlagt korn, nemner Bergseth at eit alternativ kan vere å så grønnfôrvekstar. Vekstsesongen kan bli for kort for korn, og høvelege sortar er vanskelege å få tak på, mens etterspurnaden etter grovfôr er venta å bli stor.


Overvintringsskader verre enn på lenge

Norsk Landbruksrådgjeving i Sogn og Fjordane fortel om svært mykje overvintringsskade i fylket. Kan hende den verste våren i nyare tid. Langvarig isdekke på tela jord, kombinert med ein uvanleg sein vår, gjer at rådgjevarane konstaterer at håpet er ute for gode avlingar i 2013. Samstundes oppmodar dei bønder som har høve til å produsere meir enn til eige bruk om å tilpasse produksjon og gjødsling deretter, for det er rimeleg grunn til å tru at marknaden vil vere god for sal av fôr.


Kamp om såfrø

Sist veke var etterspurnaden etter såvarer i Sogn og Fjordane langt større enn tilgangen. Frøsekkane vart henta så snart dei kom til butikkane. Fiskå og Felleskjøpet melder at dei pakkar frø døgnet rundt, men det er ikkje sjølvsagt at alle får akkurat dei frøblandingane dei ynskjer seg. Det er også grunn til å vente at frø som blir sådd sist i mai/først i juni gir dårlegare avlingar.