Du er her

Trinnlaus Maxxum frå 145 til 175 hk

Maxxum-serien er fornya, med utsleppsgodkjende motorar og oppdatert hytte.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 27.07.2016 11:32

Sjekkar du hyttetaket, er det lett å sjå skilnaden på gammal og ny Maxxum. Den nye har hattebremmen vi kjenner frå dei større CaseIH-modellane, med god plass til fleksible arbeidslys. Dette betyr at du har rikeleg lys 360 grader rundt deg, endeleg.

Frontruta er i eitt stykke, og du kan få takvindauge så du slepp å sitte krokbøygd når du køyrer med høg frontlastar.

Den viktigaste grunnen til fornyinga er at Maxxum-serien må oppfylle nye utsleppskrav. Det klarer den med FPT-motor med det såkalla Hi-SCR-systemet, i kombinasjon med dieseloksidasjonskatalysator (DOC). Med andre ord har den verken partikkelfilter eller resirkulering av eksosen. Merk deg at traktorane også kan leverast med motorbrems frå fabrikk.

Serien består av fire modellar med fire sylindrar. Nominell effekt er frå 115 til 145 hk. Med ekstraeffekt ligg dei mellom 145 og 175 hk. Du kan også velje ein sekssylindra versjon. Der er effekten 145 hk nominelt og med ekstraeffekt får du ut 179 hk. Alle dei firesylindra modellane finst i tre utstyrsnivå: Standard, MC (Multicontroller) og CVX (trinnlaus). Den sekssylindra vert ikkje levert som trinnlaus.

Fleire detaljar er oppgraderte, som fjøringa av framakslingen, vendeteigsautomatikken, og noko så handgripeleg som rattet. Du har valet mellom fleire sete i øvre sjikt, inklusive skinnsete med svingbar ryggstøtte. Traktorane kan leverast med siste generasjon Isobus, som gir enda tettare integrasjon mellom reiskapsstyring og styring av traktoren. Reiskap som er klargjort for dette kan ta styringa med slikt som framdriftsfart, kraftuttakshastigheit og trepunktsløft.

Akselavstanden er auka til 2,64 meter, og er no identisk på både fire- og sekssylindra modellar. Svingradiusen er likevel som den tidlegare var på firarane, kring 5,5 meter.

MC og CVX-versjonane vert leverte klargjort for autostyring og vert leverte med CaseIH sin store monitor. Kombinerer du autostyringa med RTK-signal har du ei nøyaktigheit på 2,5 cm, og CaseIH har sitt eige system for å halde stø kurs også ved mellombelse bortfall av korreksjonssignal i inntil 20 minutt.

 

Nøkkelord
Faktaboks

Maxxum-serien vart introdusert i 1989, og har vore gjennom fleire endringar og oppgraderingar. Største endringa kom då Ford New Holland fusjonerte med CaseIH, og laga ein raud og ein blå versjon med lik innmat. Vel å merke med den skilnaden at Maxxum-produksjonen vart lagt til den tidlegare Steyr-fabrikken i Austerrike, mens New Hollands TSA-serie og seinare T6 er produsert i England. 

I 2015 vart det registrert 28 nye Maxxum i Noreg. I 2014 var talet 48 traktorar. På Bedre Gardsdrifts serie-statistikk var dermed Maxxum nummer 24 i fjor og nummer 17 i forfjor.