Her er sjefspremien. I tillegg kjem nokre Flaxlodd og BG-caps som trøystepremie.
Traktoren kan du ikkje vinne, for den er BG-redaksjonens avskilsgåve til vår nyss avgåtte redaktør Magnus Østby.

Tre klarte ti rette

Vi meinte alvor då vi skreiv at påskebastarden 2017 er den hardaste nøtta av dette slaget nokon gong. Fleire hundre sende inn svar. Espen, Mats og Rune imponerer med full pott!

Publisert

Vi har berre ein vinnar som vi trekkjer mellom dei med flest rette svar. Espen Flemmen frå 6460 Eidsvåg drar i land sigeren med formidabel detaljkunnskap.

Dei to andre med alt rett, utan meir enn 10 kryss, fortener også å nemnast, sjølv om dei ikkje får annan premie enn heider og ære: Mats Sivesind frå 2846 Bøverbru og Rune Sele frå 4354 Voll.

Å klare eit slikt resultat kjem ikkje av seg sjølv, for som Rune skriv: Jaja, dette tok mesteparten av påsken :-)

Fasiten

Jon Kenneth Killingland i Traktormodeller.no fortel at bastarden er bygd opp på dette viset:

Fiatagri kropp med m.a. supersteer framaksling og det synlege terrakottafarga stigtrinnet

John Deere framhjul og grill

Agrifull panser

Valtra eksosrør og luftinntak

CaseIH GPS-antenne

McCormick hyttetak

Massey Ferguson rotorblink

Ford førarhytte

International Harvester bakaksling

New Holland bakstuss/hydraulikkoplingar

Trøystepremiar

Mellom alle som har deltatt har vi trekt ut to vinnarar som får Flaxlodd og BG-caps. Desse to er Erik Sverre Gjestvang Hagen, 2312 Ottestad og Per Ole Hjelle, 6770 Nordfjordeid.

MF var mest vanskeleg

På lista over kva folket har kryssa av for, ser vi at 98,9 prosent svarte John Deere. Ford og McCormick kjem like bak. Over halvparten har fått med seg Fiatagri, New Holland, Valtra, Agrifull og CaseIH. Det seigaste merket viste seg å vere MF. Ikkje så rart kanskje, når det einaste vi ser av traktoren er rotorblinklysa.

Solid innsats

At bastarden fenga, er tydeleg å sjå. Ingunn gjekk glipp av dagens skitur fordi ho måtte knekke nøtta. Fleire andre ytrar at tidsbruken har vore rimeleg solid. Nokre har scanna biletet til det mentale minnesystemet, og brukt tida i fjøsen til å tenkje ut svaret. Ein kar sette seg opp eit Excel-skjema i håp om at det kunne hjelpe han nærare løysinga.

Vi kan nemne at forutan dei tre med ti rette svar på ti kryss, har 29 kryssa rett på ni merke og 42 har åtte rette. Så følgjer ein heil del flinke folk med åtte, sju, seks eller færre rette.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS