Du er her

Traktoroversikten 2013 på nett

Nesten 500 nye traktorar å velje i. Ver så god, traktoroversikten 2013 er på plass i vår unike traktordatabase på gardsdrift.no, der du no finn totalt ni årgangar.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 20.11.2012 11:15


Går du inn i Bedre Gardsdrifts traktoroversikt på nett, kan du sjølv velje kva traktorar du vil sjå nærare på. Du vel årgang - og kan sjølvsagt samanlikne fleire årgangar side om side. Så vel du akkurat så få eller mange merke du vil sjå, kva effektområde du er ute etter, om der er avgrensingar på pris, og du kan velje kva eigenskapar du ynskjer. Traktoroversikten vår er aldeles unikt utforma, og utvikla av Bedre Gardsdrift for å oppfylle lesarane våre sine ynskje og behov.

" Prisar...Dersom du sorterer etter pris, kan du til dømes finne ut at John Deere, Kioti, Kubota, Massey Ferguson  og Tym tilbyr traktorar i prisområdet frå 150 000 til 200 000. Men der finst fleire over 1,5 millionar enn i nemnde prisintervall. Dyrast er ikkje uventa Fendts 900-serie, med flaggskipet 939 til drygt to millionar kroner.

...Effekt...
Størst effekt mellom traktorane som er innmelde av importørane til Bedre Gardsdrifts traktoroversikt har nye Claas Axion 950, med 405 nominelle gamp. Går du inn i oversikten, får du dessutan vite kva effektstandard tala er oppgitt etter. Kubota B1820 er einaste under 20 hk. Går du eit steg lengre inn i oversikten, får du også tal for kor mange kroner kvar hest kostar.

...Vekt...

Mykje nytt i årets traktoroversikt.

Vi oppgir sjølvsagt både eigenvekt, tillatt totalvekt og nyttelast. Største oppgitte nyttelast har Valtras S-serie, med 7,5 tonn. Same traktor i MF-versjon har oppgitt to tonn lågare tillatt totalvekt. Går du inn på det mest detaljerte nivået, der du kan samanlikne seks utvalde traktorar med kvarandre, får du også tal på kg pr. hk, både for nominell og maksimal effekt.

... og eigenskapar av alle slagDu kan velje å sjå berre på dei rekordmange 112 traktorane med trinnlaus transmisjon av 2013-årgangen, eller du kan bestemme deg berre for å sjå på traktorar med fjøra framaksling. Totalt har vi 59 felt som kan fyllast ut med data for kvar modell, og alt dette får du fri tilgang til.

SkreddarsaumHugs alltid på at spesifikasjonane oppgitt i oversikten vår er dei mest typiske utgåvene. Sjølv med nær 500 modellar på plass, er det tusenvis av variantar vi ikkje får med, rett og slett fordi så mange traktorar blir leverte i skreddarsaum. Difor kan det hende at du ikkje finn akkurat det du er ute etter her, men du ser kven som ligg nært.

Data frå importørane
Alle data er innmelde av dei respektive importørane, og deretter har Bedre Gardsdrift utført ein omfattande kvalitetskontroll for å sikre at innmelde data ikkje skil seg ut på slikt vis at det er grunn til å tru at noko er alvorleg feil. Kjem det til nye modellar gjennom året, eller om der vert vesentlege endringar i prisar eller spesifikasjonar, har alle traktorleverandørane fritt høve til å endre sine opplysningar.

Tradisjonelt viser det seg å vere svært få feil i oversikten. Finn du likevel noko, ber vi deg ta kontakt med ein gong. Klikk på namnet mitt øvst i artikkelen, og meld frå om kva merke, modell og årgang feilen gjeld. Har du innspel vi kan ta med til framtidig oppgradering av traktoroversikten på nett, tar du kontakt på same vis.

God surf!