Traktor og trafikk

Det siste året har det vore eit salig oppstyr om traktorar og trafikkreglar. Bedre Gardsdrift følgjer saka, og her finn du fakta og artikkelarkiv.

Publisert

Det starta med eit framlegg om å fjerne den norske definisjonen på traktor, og berre bruke EU sin definisjon. Då ville 40 km/h blitt øvre fartsgrense.

Seinare kom Vegdirektoratets ide om at alle som vil køyre traktor, som enno ikkje har lov til det, må ta vogntoglappen.

Så oppdaga direktoratet at det ikkje skal vere lov å køyre to tilhengarar om gongen.

I mellomtida har fleire av kontrollørane langs vegen funne ut at det finst vektgrenser som også gjeld for traktor, men berre om traktoren går over 40 km/h, men då har ikkje traktoren lov å køyre fortare enn 30 km/h.

Like før jul i 2002 klarte Rogaland Vegkontor å huke inn ein bonde for ikkje å ha farsskrivar på traktoren, slik EU-regelverket krev. Problemet er berre at det ikkje finst fartsskrivar for traktor, verken innanfor eller utanfor EU.

I bakgrunnen lurer heile tida lastebileigarforbundet, som er nervøse for at traktorane skal ta frå dei jobben, samstundes som dei fryktar for trafikktryggleiken.

Bedre Gardsdrift følgjer saka. Vi har lese trafikkreglane, og vi kjenner den norske traktorparken. Difor kan vi gi deg fakta. Send oss gjerne tips om du har fleire saker om traktor og trafikkreglar!

Dette skriv Bedre Gardsdrift om traktor og trafikk (nyaste saker først):

(Frå Bedre Gardsdrift 1/2003) Fekk pålegg om fartsskrivar Kristoffer Østhus frå Finnøy vart stoppa i trafikkontroll. Kontrollørane fann berre ein feil på traktor og hengar: Den mangla fartsskrivar! Vegkontoret viser til ein EU-regel, men i EU finst ingen skivar for landbrukstraktorar. Østhus har anka pålegget.

" (Frå Bedre Gardsdrift 10/2002) Kan køyre som førDet blir verken nye førarkortreglar eller fartsgrenser for traktorar med det første.

" (Frå Bedre Gardsdrift 10/2002) Forbode med to hengararI eit brev Vegdirektoratet har sent ut til vegkontora, pressiserer dei at det ikkje er lov å køyre med to hengarar bak ein traktor.

" Vegdirektoratets regelpressisering Vegdirektoratet har fingransket regelverket for traktorer i trafikken, og sendt sin vurdering til landets vegkontor.

"(Frå Bedre Gardsdrift 10/2002) NLF livredde for traktor" Lastebileigarforbundet hevdar at dei har vore skremte av nye traktorar i alle fall sidan 1989. No har dei fortalt samferdsleministeren kva som plagar dei.Bedre Gardsdrift gir deg fakta i saka.

NLF: -Farlige "supertraktorer"!Lastebileierforbundet hevder at norske traktorer er til fare for trafikksikkerheten, og setter fram sine påstander i et brev til samferdselsministeren.

" (Frå Bedre Gardsdrift 10/2002) Fakta om den norske traktorparkenNLF omgir seg med feil og fordommar i omtalen av traktorar. Vi veit kva som er sant, og gir deg fakta om hurtiggåande traktorar.

" (Frå Bedre Gardsdrift 4/2002) Førarkortforskrifta blir utsett Dei mykje omtalte førarkortreglane blir neppe innført før årsskiftet. Truleg vil også Vegdirektoratet endre litt på grensene dei har føreslått for traktorførarkortet.

" Trafikkreglane i EnglandVi gjengir ein artikkel frå Farmers Weekly Interaktive, som forklarer vektreglar og førarkortgrenser der.

" Vektlaust i nabolandaSverige, Danmark og Finland har langt meir liberale reglar for køyring av traktor, enn det Vegdirektoratet vil ha her i landet.

" Masse i rørsleSer vi på rørsleenergien til eit traktorvogntog i 40, samanlikna med nesten kva som helst anna som går i 80 km/h, forstår vi enda mindre av Vegdirektoratets førarkortkrav. Merk deg at du må ha vogntogførarkort også for å køyre ein større treskar, eller for å køyre utanfor veg.

"(frå BG 2/02) Vogntogsertifikat for å køyre traktorBlir den nye førarkortforskrifta vedtatt, må junior ta vogntogsertifikat. Traktorlappen vil berre gjelde for traktorar med inntil 12 tonn tillatt totalvekt. Overgangsordningar bergar oss som er gamle nok.

" (frå BG 2/02) Vegdiretoratet ignorerer landbruket Ingen, absolutt ingen, som er knytt til landbruket, har fått tilsendt Vegdirektoratets utkast til nye forskrifter for førarkort.

" (frå BG 2/02) Meiningslaus vektgrense Vegdirektoratet gjer framlegg om at traktorførarkortet skal vere avgrensa til maksimalt 12 tonn tillatt totalvekt for traktor og reiskap. Knapt nokon typisk nytraktor er brukbar med tilhengar om dei unge håpefulle skal vere lovlydige. Løysinga er å køyre gammal traktor med stor tilhengar.

" (frå BG 2/02 - leiarartikkel) Vegdirektoratet på ville veger - igjen!Vegdiretoratet, med trafikkdirektør Bjørn Skoglund i spissen, nedlegger nærmest yrkesforbud for alle framtidige bønder som samtidig ikke er vogntogsjåfører.

Du kan laste ned Bedre Gardsdrift her.

"
Powered by Labrador CMS