valtra ved veg

Traktor mot fart

Politiet på den engelske landsbygda har tatt i bruk nye våpen mot dei verste råkøyrarane, nemleg traktorar. Ikkje for å fysisk senke farten, men for å gøyme fartsmålaren.

Publisert

Er det ein traktor? Er det ein fotoboks? Kven veit, køyr fint i alle fall! (Illustrasjonsfoto)

Normalen ved fartskontrollar er der som her at politiet står synleg langs vegen, og openlyst utfører kontrollane sine. Det fungerer heilt fint på vanlege bilistar som ligg litt over fartsgrensa. Problemet er å få tatt verstingane, dei som køyrer opp mot det doble av lovleg fart.

Særleg langs ymse bygdevegar er dette eit problem, fortel ein politiinspektør til Farmers Weekly.

– Det seier seg sjølv at svært høg fart lags bygdevegar med mange sidevegar og landbruksavkøyrsler er skikkeleg farleg. Det er verstingane vi er ute etter i denne aksjonen, dei som utset både seg sjølve og medtrafikantane for stor fare.

Traktorar er mellom fleire typar køyrety som er brukt for å sette ut med innebygde fartskamera, for å fange opp desse verstingane. Litt lengre framme langs vegen står politiet klare til å vinke inn dei som er fanga på kameraet, for å ta ein alvorsprat og kan hende andre reaksjonar attåt.

"
Powered by Labrador CMS