død rose COLOURBOX1812518

Traktor gjennom isen - mann omkom

Ein mann i 50-åra omkom etter at ein traktor gjekk gjennom isen på på Tisleifjorden på Golsfjellet. Han vart funnen ved traktoren er funnen på 20 meters djup.

Publisert

(illustrasjonsfoto: Colourbox)

(illustrasjonsfoto: Colourbox)Traktorføraren vart funnen omkomen klokka 15.17 av dykkarar. Traktoren vart funnen på 20 meters djup eit par timar tidlegare. Mannen har tatt seg ut av traktoren, og vart funnen eit par meter unna denne, på botnen av innsjøen. Grumsete vatn gjorde leiteforholda vanskelege, og det er grunnen til at det gjekk eit par timar frå traktoren vart lokalisert til mannen vart funnen.

Etterlet seg kone og barn

Mannen, som er frå Hallingdal, etterlet seg kone og barn. Dei er no tekne hand om av det lokale kriseteamet.

Det var vitne som melde ulukka til AMK klokka 11.20. Ambulansehelikopter med dykkarar kom raskt til plassen. Totalt 25 personar var direkte involverte i leitinga, medrekna politi, ambulansepersonell, redningspatrulje og fleire dykkarlag. I ein tidleg fase vart det gjort søk med politihelikopteret, som har varmesøkande kamera. Det vart søkt både frå oversida av isen og i vatnet.

Bane brukt til glattkøyring

Området har sidan 1992 vore nytta til glattkøyringsbane for testkøyring av bilar, og også til øvingskøyring for politi og ambulanse, melder Nrk. Det er såleis stilt store krav til tryggleiken.

Den omkomne var leigd inn for for å brøyte bana. Politijuristen vil avgjere om saka blir rekna som ei arbeidsulukke når saka kjem til behandling.

40 cm is

Politiets innsatsleiar opplyser at isen på staden er 40 cm tjukk, men at det er varierande isforhold på vatnet. Politivakta har ikkje fått opplysningar som tyder på at noko skulle indikere at det var spesielt svak is på plassen der ulukka skjedde.

2009/2010: Åtte traktorar gjennom isen

Vinteren 2009/2010 var det svært mange traktorar som gjekk gjennom isen. Ingen omkom i dei seks første ulukkene. Så skjedde ei ulukke til, der føraren berga med eit naudskrik. I februar 2010 omkom ein traktorførar i den åttande ulukka den vinteren med traktor på islagt vatn. Politiet nytta då høvet til å åtvare på det sterkaste mot traktorkøyring på islagt vatn.

"
Powered by Labrador CMS