Toegga trillingar

Traktorane i SLH-familien er nesten like, men ikkje heilt. Dei kan måle seg med mange av konkurrentane, trass i at ein del av innmaten tar til å dra på åra.

Publisert

Vi fekk låne Same Silver 90, Lamborghini Premium 950 og Hürlimann XT 909 frå Motokov. Traktorane vart brukt til variert køyring med frontlastar og tre testsjåførar fekk prøve seg.

Vasskjølt mot luftkjølt Same er no einaste vestlege traktormerke som leverer luftkjølte motorar i denne klassen. Vi forstår ikkje kvifor. Alle som prøvde dei tre søskentraktorane ville valt bort Same, einast på grunn av ulempene som motoren medfører. Støyen i hytta og ikkje minst utanfor, vart opplevd som kraftigare og styggare enn på dei vasskjølte, og motoren drar merkbart dårlegare. Alt kan ikkje forklarast med at motorytinga er 3,7 kW (5 hk) lågare enn på dei to andre. Same har dessutan høgare panser enn dei to andre.Lamborghini og Hürlimann har to ordinære varmeapparat, med heilt grei kapasitet. Same har eit elektrisk varmeapparat nede, og eit ettermontert apparat av Webasto-typen i taket. Dette har ein formidabel effekt, men fungerte etter av- på-prinsippet. Følgjeleg er det ikkje lett å halde jamn temperatur i hytta.

Rare spakar Testsjåførane er godt nøgde med girutvalet. Særleg liker dei hurtiggira og vendegiret. To av testsjåførane har også prøvd SLH sitt system med knappbetjent vendegir, og meiner at det må være ei av dei mest komfortable løysingane som finst på marknaden i dag.Derimot kunne girspakane hatt ei annleis plassering, slik at den mest brukte girspaken ikkje sit lengst borte. Hovudgirspaken gav ei gummiaktig kjensle. Gruppegirspaken er regelrett kranglete. Køyrer du med opa bakrute, blir du plaga av ei kraftig hyling frå transmisjonen. Hadde det ikkje vore for desse svakheitene, ville vi likt girkassa svært godt. For girutvalet er imponerande, og det lar seg utnytte.

Akseptabel komfort Førarhytta på desse traktorane kunne gjerne vore oppjustert. Den er mørk og dyster. Betjeningspanelet for EHR er det delte meiningar om. SLH har prøvd å erstatte enkelte ratt med trykknappar. Ideen kan vere god, men i praksis vil det nok ikkje vere nokon stor skilnad. Enkelte av dei andre brytarane kunne vore betre opplyste. Pedalane er litt tunge, men kløtsjen er til gjengjeld svært lett å dosere. Traktorane har svært gode bremser, og er stabil på vegen.Den elektroniske regulatoren liker vi godt, men diverre manglar det enno litt før SLH har klart å utnytte systemet fullgodt. Vi trengte litt tid til å lære knappane, og kunne gjerne tenkt oss ein større brytar for tomgangsturtalet.

Sikt Spakane for hydraulikkuttaka er plasserte utanfor det naturlege arbeidsområdet for handa. Dei manglar skikkeleg fargemerking, og det er lett å slå borti med olbogen. Men traktorane er rikeleg utstyrte med hydraulikkuttak, og koplingane er gode. Rattet hadde ei overflate som testsjåførane ikkje liker. Geometrien i rattjusteringa er grei, men låsinga med ein spak nede ved rattstammen ville vi erstatta med ein pedal som til dømes på Valmet Mezzo. Hytta hadde god sikt, og det flatklemde eksosrøret er lurt. Ved lastarkøyring blir sikten oppover hindra av friskluftfilteret. Du ser heller ikkje trekkroken frå førarsetet, men traktorane er godt utstyrte med arbeidslys.Varsellysa er plasserte på eit smart display, som testsjåførane sette pris på.

Litt dyr?Både Lamborghini og Hürlimann er traktorar som testsjåførane godt kunne tenke seg, men ser du i prislistene finst det mange likeverdige konkurrentar. Får du litt rabatt, kan det absolutt vere verd å vurdere ein traktor med ein av dei italienske fargane.

Tekniske data

Motor: Alle: 4 syl. turbo 4,0 l.
Same: 66 kW (90 hk), luftkjølt.
Lamborghini og Hürlimann: 70 kW (95 hk), vasskjølt.
Transmisjon: 4 grupper, 5 hovudgir, 3 hurtiggir, vendegir
Hydraulikk: EHR, løftekraft 4700 kg, 3 dobbeltvirkande uttak, 58 l/min
Kraftuttak: 540/750/1000/1250 o/min, vegavhengig er ekstrautstyr
Vekt: 3880 kg
Listepris: Kr 371 000
Powered by Labrador CMS