TKS og Orkel i samarbeid

To av dei argaste konkurrentane på grovfôrhandtering inngår partnarskap. TKS overtok frå nyttår ansvaret for Orkel sine produkt for innandørsmekanisering.

Publisert

Avtalen omfattar alt Orkel har produsert til bruk i fjøset. Fôrutleggarane og den patenterte appetittfôrvogna vil framleis bli selt som Orkel, men i løpet av året vil produksjonen bli flytta til Jæren. TKS vil også overta utviklinga av desse produkta, og patenta som er knytte til dei. Dermed har TKS hand om mellom 60 og 70 prosent av marknaden for slikt utstyr, med sal gjennom felleskjøpa og A-K maskiner.

Orkel vil konsentrere seg om rundballeutstyret sitt. Produksjonen av snøfresarar og tilhengarar vil gå som før. Selskapet har dei seinare åra satsa mykje på eksport, og bygd opp eit stort nettverk i utlandet. Gjennom samarbeidsavtalen er TKS sikra tilgang til andre marknader gjennom dette nettverket, slik at dei kan heve eksportandelen sin frå dagens sju-åtte prosent.

Du kan lese meir om samarbeidet i Bedre Gardsdrift nr 1, i slutten av januar.

Powered by Labrador CMS