0414-gardsdrift

Tilgi dei ikkje – dei veit kva dei gjer

Fra Bedre gardsdrift 4/2014: «Regel etter regel hindrar landbruket i å drive rasjonell og sikker transport langs vegen. Det veit regjeringa»

Publisert

Du kan skrive inn kommentarer nederst

Eit av framlegga i regjeringa sitt tilbod i landbruksoppgjeret er å heve kvotetaket for mjølkebruk til 1,2 millionar liter, tilsvarande 150 mjølkekyr. I dag er gjennomsnittet i Noreg 24 kyr pr. bruk, mens gjennomsnittet i EU er 16 kyr pr. bruk.

Slike strukturendringar føreset traktorkøyring som ikkje er lovleg. Alt i dag, der familiebruka berre kan vere ein tredel så store og samdriftene maksimalt to tredelar av den føreslåtte nye kvotegrensa, er vegtransport eit stort problem. Vi seier ”problem” fordi all transporten er kostbar, den er feil for miljøet, den er underlagt trafikkreglar frå då MF 165 var stor, den tar svært mykje tid og den er til ulempe for andre trafikkantar.

Ikkje eingong Listhaug får oppheva Vårherre si utforming av landskapet, med temmeleg små teigar spreidde utover her og der kringom i landskapet. Det gir lange transportetappar og lite rasjonell handtering av alt som går inn og ut. Gigantbruka som regjeringa ynskjer vil gi enda meir transport, både av grovfôr og husdyrgjødsel. Dessutan må reiskapen som skal gjere jobben køyrast den same vegen.

Mykje av reiskapen sjølv på heilt små bruk er breiare enn 2,55 meter. Då kan du etter gjeldande regelverk ikkje køyre lengre enn 34 km om gongen. Landbruket vil oppheve avstandsgrensa. Verken førre regjering eller sitjande regjering har gjort noko med det. Derimot vil Solberg-regjeringa oppheve grensa på maks 17 km mellom driftssentera i samdrifter.

Vidare har vi vektgrenser for tilhengarar og slept reiskap, som ikkje er brukt på traktor i vesentlege EU-land. Norske bønder kan ikkje ha to tilhengarar, noko som er heilt ok mange stader i EU. Slikt hindrar effektiv og rasjonell bruk av tilhengarar, gjødselvogner, fôrvogner og anna. Også her har landbruket oppmoda både førre regjering og sitjande regjering om å lempe på regelverket. Dei har enno ikkje svara. Slik kan vi halde fram: Store traktorar treng tvillinghjul for å kunne brukast utpå jorda. Bruk av tvillinghjul langs veg er omgitt av eit uryddig regelverk, og alt i dag er vanlege familiebruk-traktorar i øvre sjikt av kva som er lovleg langs veg med tvilling.

Landbruket ynskjer å kunne køyre raskare enn 40 km/h, mens dei norske førarkortreglane er til hinder for ein halv generasjon.

Regel etter regel hindrar landbruket i å drive rasjonell og sikker transport langs vegen. Det veit regjeringa. No vil Listhaug & Co ha mykje meir køyring som ikkje er lovleg.

Ein kjend mann sa ein gong ”Far, tilgi dei, for dei veit ikkje kva dei gjer.”Den utsegna gjeld ikkje Listaug og resten av regjeringa. Dei veit veldig godt kva dei gjer. Vi gremmast.

Powered by Labrador CMS