Du er her

Til no: 16 469 på Agroteknikk

AGROTEKNIKK: Etter rekord første utstillingsdag, heldt fredagen fram med heile 10 163 besøkande i messehallane på Lillestrøm.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 28.11.2015 07:45

Trass lågt traktorsal og ulike skyer på himmelen, norske bønder har stadig trua. Besøkstala på årets Agroteknikk overgår forventningane. Maskinbransjen melder om stor interesse for det som vert bydd fram. 

Det høge besøket stadfestar at stadig fleire dei som vil vere i næringa, ser behovet for påfyll av kunnskap. 

Den same trenden såg vi på årets Agritechnica i Tyskland, verdas største landbruksutstilling. I europeisk landbruk er det både ymse dystre utsikter og til dels dårlege tider, med bortfall av reguleringar, overproduksjon og tilhøyrande svak økonomi. Likevel var besøket på Agritechnica rekordstort.