Du er her

Tatovering av gris er tøys

Det å tatovere skinka på grisen på frihand er ikkje så vanleg at det høyrer heime i maskinleigeprislista i Bedre Gardsdrift. Imponerande mange fann svaret, men berre tre kan vinne. Her er dei!
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 06.05.2015 18:15

Mange vil nok meine at griseskinker tar seg best ut i naturell utgåve. Vi har i alle fall ingen innmelde prisar på tatovering av slikt i prislista vår, eigentleg. Foto: Colourbox

Den aller siste prisen i årets maskinleigeprisliste var eit påfunn utan rot i røynda, og vi spurde om nokon kunne avsløre årets tullepris. Responsen var beint ut god. Så mange som 98,1 prosent av svara var korrekte, og refererte til punktet som i sin heilskap såg slik ut: Tatovering av gris, frihand (ikkje stempel), pr. motiv (skinkestorleik). Middelpris: 2345. Frå 750 til 3000. 


Flaxlodd og caps

Dei tre vinnarane kan vente seg eit par Flaxlodd og ein BG-caps i posten om ei lita stund. Her er dei heldige: 

- Britt Linda Steinvik, Norddyrøy
- Fredrik Smidsrød, Sem- Gisle Haugen, Gaupne


– Har lese alt!

Vi er imponerte over innsatsen. Ei skriv til oss at ho har gått gjennom kvart einaste punkt i lista, og dette var det som skilde seg litt ut. I og med at tulleprisen sto aller sist, betyr det at vår gode lesar har pløgd seg gjennom mellom 400 og 500 prislinjer i jakta. Andre har grunngitt svaret grundig og solid, og argumenterer godt for seg. Vi har godtatt alle rette svar, uansett grunngjeving eller ikkje. 


Unik liste

Bedre Gardsdrifts maskinleigeprisliste er ei unik samling prisar, mykje brukt gjennom heile året av svært mange.

At Bedre Gardsdrifts prisliste kvart år inneheld ein tullepris er på sitt vis unikt, men prislista er eineståande i sitt slag på fleire vis:
- Kjeldegrunnlaget som prisane byggjer på er svært solid.
- Ingen andre prislister er i nærleiken av å innehalde så mange arbeidsoperasjonar og reiskapstypar.
- Kvar einaste pris blir manuelt vurdert av Bedre Gardsdrifts redaksjon, som har ei erfaring i dette arbeidet som ingen andre kan måle seg med.
- Lista inneheld høgaste og lågaste aktuelle pris.
- Alle prisar som har grunnlag for det har ein middelpris, som indikerer kva pris som er mest representativ i marknaden.
- Kvart år utarbeider vi ein indeks basert på dei viktigaste middelprisane. Indeksen viser prisutviklinga over fleire år.
- I tillegg til den ordinære og svært omfattande lista, får du med ein hurtigguide med 20 av dei viktigaste prisane, og ein oversikt over kva arbeid du kan vente å få utført innan ulike prisintervall.
- Prisane er presenterte saman med ei lang rekkje tips og forklaringar for leigekøyring og maskinleige. - Prislista kjem som eit 16 siders stifta bilag som kan nappast ut.


Aktivt brukt liste

Prislista er aktivt brukt av bønder og entreprenørar, men også av offentlege etatar, landbrukskontor, tenestekjøparar utanfor landbruket, i rettssaker og av forsikringsbransjen. Her finn du alt frå rundballepressing eller tresking til dagsleige av totonns kjettingtalje eller grøftespylingsanlegg. Og er der ein pris du ikkje finn, ber vi deg ta kontakt så vi kan prøve å få den med til neste år.


For nye og gamle abonnentar

Prislista er eksklusiv for Bedre Gardsdrifts abonnentar. Om du ikkje held bladet frå før, kan du bestille abonnement her, så sikrar du deg neste års liste direkte i postkassen så snart den er ute. Alternativt kan du kjøpe og laste ned bladet som pdf herifrå. Prislista for 2015 står i Bedre Gardsdrift nr. 3. 

"