Skjermdropp frå ein finst ishockeyvideo avslører nesten like mykje som Trump om store løyndommar. Gå til videospelaren lengre nede for å sjå videoen.

T-serie med S-armlenet

Ein video frå eit finsk ishockey-lag avslører det vi har rekna med ville skje ganske fort: Valtras nye armlene og køyrespak blir å finne i T-serien.

Publisert

Videoen handlar eigentleg om noko slags ishockeyhending. Med Valtra som sponsor blir det sjølvsagt køyrd traktor til arenaen. Og i det ein hockeyhelt skal til å stige ombord i ein Valtra T174, ser vi armlenet, køyrespaken og terminalen som Valtra viste på S-serien på årets Sima-utstilling.

Kor lang tid det tar før armlene, terminal og køyrespak blir lagt inn i menyen når du skal bestille T-serie, og etter kvart også N-serie, har vi ikkje fått stadfesta enno. Men du slepp nok å vente så veldig lenge.

Vil du sjå videoen med sjølvsyn, bør du halde auga opne frå kring 10 til 14 sekund ut i videoen, som du finn i videospelaren til høgre eller under denne teksten.

For å lese meir om funksjonane i armlenet og køyrespaken, kan du gå til denne saka frå Sima.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS