Syre eller ikkje?

Bruk nok syre, skriv nokon. Bruk rett mengde av det som høver best, skriv vi. I Bedre Gardsdrift finn du oversikten over alle ensileringsmiddel på marknaden. Vel sjølv!

Publisert

Framleis blir det brukt maursyre på to av ti tonn gras, men heldigvis er forbruket på full fart nedover. Snillare og ikkje spesielt mykje dyrare alternativ er på veg til å overta marknaden etter det svært farlege middelet.

Godkjente ensileringsmiddel 2004Her er den einaste oppdaterte og komplette lista over kva ensileringsmiddel som er godkjente og som blir marknadsført i 2004. I Bedre Gardsdrift nr 4/2004 finn du også kven som forhandlar middelet, kva det kostar pr. tonn gras og kva det inneheld.

Middela er inndelt i grupper etter effekt og bruksområde.

Gruppe 1: Berre syreverknadPassar best til gras med lågt tørrstoffinnhald, helst under 30 prosent. Både silo og rundballar. Har ingen effekt mot mugg. Alternativa til maursyre er langt meir handteringsvenlege og like effektive ved rett dosering.

GrasAAT Lacto

Ensil 1

Ensimax

Ensil maursyre 85 %

Maursyre 85 %

Gruppe 2: Syreverknad, pluss effekt mot mugg og gjærMiddel med propionsyre eller benzosyre i tillegg til maursyre. Tenkt til gras fortørka til over 30 prosent tørrstoff, og som toppdressing og sikring mot mugg. Både silo og rundballar.

GrasAAT Plus

GrasAAT Eco

FNC-Silage 2000

Gruppe 3: Andre kjemiske middelBåde rått og godt fortørka gras. Typiske rundballemiddel. Kofa er tilrådd til rundballar og er mindre eigna til silo på grunn av auka gassfare og mindre effekt mot varmgang i graset under innlegging . Det er gode erfaringar med Howden ved rask legging av silo.

Howden silovæske

Kofasil Ultra

Gruppe 4: Biologiske/kjemiske middelBest eigna under gode forhold, på fortørka gras over 23 prosent. Usikkert ved mykje fukt, risiko for jordinnblanding eller mykje kløver.

Feedtech Silage F 22

Gruppe 5: Biologiske middelBest eigna under gode forhold. Usikkert ved mykje fukt, risiko for jordinnblanding eller mykje kløver.

Biomax

Powered by Labrador CMS