Du er her

Svakt traktorår i 2014, som venta

Massey Ferguson vann traktoråret 2014, med god margin framom John Deere. Deretter følgjer New Holland før Valtra, i ein totalmarknad som er ned omlag 18 prosent. Blir traktormarknaden slik framover, går det 20 år mellom kvar gong gjennomsnittsbonden fornyar hovudtraktoren.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 02.01.2015 20:30


Gå direkte til kommentaren om totalmarknaden

" 2014 vart Massey Fergusons år. Både i tal traktorar og i marknadsandel går MF solid fram, opp 91 traktorar til 676 totalt. Det resulterer i 21,6 prosent marknadsandel. Ikkje berre er dette ein solid framgang frå i fjor, men Massey Ferguson er også einaste merke som kan vise til skikkelege pluss i boka. Merket med nest størst  framgang er Foton, som går opp sju traktorar. Det seier sitt om forholda elles i traktormarknaden. Massey Ferguson har ikkje hatt så gode tal sidan 2007, og då var totalmarknaden 1000 traktorar større. Mykje av æra for MFs gode resultat er at 5600-serien treffer norske bønder midt i blinken.

Søskenmerket Fendt går litt ned frå toppnoteringa i 2013, men like fullt er 2014 tidenes nest beste Fendt-år i Noreg, og tyskaren tar ein større del av kaka enn nokon gong. Samla har Eikmaskin nesten 28 prosent av den norske traktormarknaden, og er soleklart største traktorimportør.


Dramatisk tilbakegang

Eit anna merke med store endringar er John Deere. Skilnaden er at tala her har minus framom, og tala er mykje større enn hos MF. Sluttresultatet på 591 traktorar og andreplass i eit år som 2014 ikkje er så reingale, om det ikkje var for at dette er den tidlegare marknadsleiaren sine tal. For hjorten er ein tilbakegang på 480 traktorar frå 2013 noko som verkeleg svir. Berre ein einaste gong etter at JD vart åleine hos FK har tala vore dårlegare, og det var finanskriseåret 2009. Også den gongen vann MF. Marknadsandelen er redusert til to tredelar av kva den var. Felleskjøpa sin del av den norske traktorkaka er berre eit drygt prosentpoeng større enn Lantmännen maskin sin bit. Var ikkje suksessen med 5R nok til å overtyde sjefane i JD om at norske bønder vil ha eit kompakt, lett og passe avansert alternativ?


Stødig hos A-K

Både New Holland og CaseIH har tilbakegang i tal traktorar, men aukar begge marknadsandelen med omlag eitt prosentpoeng kvar. Altså står dei bra imot tilbakegangen i totalmarknaden. Så endar då også A-K som nest største importør med 23,4 prosent.


Finsk fall

Valtra har den tvilsame æra av å ha nest største tilbakegangen i tal traktorar, om enn grundig slått av John Deere. Finnen går meir tilbake enn marknaden elles. Heller ikkje Claas held posisjonen frå i fjor, sjølv om tilbakegangen ikkje er på langt nær så stor her. Alt i alt eit noko svakt år for Lantmännen maskin.


Fint for Deutz-Fahr

Etter at HCP for nokre år sidan satsa alt på to kort, nemleg Deutz-Fahr og Zetor, er ikkje behovet for å summere med Lamborghini og Same så veldig stort. Den lysegrøne klarer seg brukbart bra med ein forsiktig auke i marknadsandelen, og nesten umerkbar tilbakegang i tal traktorar. For Zetor er situasjonen verre. Ein tilbakegang på 17 traktorar er i seg sjølv ikkje så ille, men når sluttresultatet er 51 traktorar, er fasiten det dårlegaste Zetor-året i Noreg nær sagt nokon gong (unntatt 2000, då fabrikken sto stille).


McCormick ikkje heilt på beina

Den gongen McCormick sto oppatt som eige merke, følgde fleire år med registeringstal på over 120 pr. år, med ei toppnotering på 199. Så vart det litt uro, produksjonen flytta til Italia, og etter det har det vore vanskeleg å finne særleg mange McCormick-kundar. 52 nye traktorar er heilt innanfor normalen dei siste fire åra, men langt unna nivået vi ein gong såg konturane av.


Kubota med rekord

Av merke som leverer standardtraktorar er det faktisk berre Kubota og MF som har pluss i tal traktorar dette spesielle året. Held vi oss til nyare statistikk, frå 90-talet til i dag, er 2014-tala for Kubota ny rekord. Vi skal ikkje lengre tilbake enn 2009 for å finne siste året i ein lengre periode med fem til sju nyregistrerte. Det mest interessante med Kubota er likevel ikkje kva som har skjedd dei siste åra, men kva som skjer framover, når eit av selskapa med størst musklar i denne marknaden bestemmer seg for å ete meir kake. Klarer dei å finne plassen sin i den tøffe norske marknaden, og korleis?


Halvert JCB

Om det er som ein konsekvens av uro og seinare ordning kring 50 km/h-traktorar, eller venting på ny 4000-serie som er grunnen veit vi ikkje, men JCB er halvert frå 2013 til 2014.


Tannlause Kina-traktorar

Foton, Linhai, Kioti, Tym og andre kinesiske eller koreanske merke har enno ikkje fått fotfeste på norsk jord. I sum er alle desse mindre enn Kubota åleine. Modellane er som regel i minitraktor-segmentet. Ein og annan traktor går uregistrert, og kjem dermed ikkje med på statistikken. Jinma, som for nokre år sidan meinte dei skulle bli store, er heilt borte no.  Likevel skal vi ikkje avskrive Korea og Kina som aktørar i landbruksmaskinmarknaden. Mange av motorane i det som truleg er mest selde traktorserien i Noreg i 2014 kjem nemleg frå Agcos motorfabrikk i Kina. 


Desember vart ille

Trass i at desember 2014 vart årets beste månad, er det lite å rope hurra for. Ein typisk desember skal ligge i området 420 til 600 traktorar, så sant det ikkje har skjedd noko heilt spesielt. Desember 2014 enda på 370 nyregistreringar. Det er spesielt.  


2014 vart skikkeleg dårleg

Traktorregistreringane i Noreg svingar syklisk, det er heilt normalt. Sånn omlag åtte-ni år frå eine botnen til neste er det vanlege. Frå sist på åtti-talet til 1992 stupte traktorregisteringane, mens bøndene fall frå som fluer under Gunhild Øyangens politikk. Så tok det seg oppatt, med ei ny dump først på 2000-talet. Deretter ein finanskrise-dropp i 2009. Så kjem 2014, som brått går inn i historia som eit skikkeleg dårleg år, som eit av dei sju dårlegaste sidan 1970-talet. Rett nok har vi fleire dårlege kornår på rad, og husdyrbøndene har hatt nokre år med overvintringsskader og anna ugreie bak seg. Likevel er det ingenting naturgitt som tilseier ein såpass stor tilbakegang. Mange av BG sine lesarar meiner bestemt at denne nedturen kan kallast Erna Solberg eller Sylvi Listhaug. Eller begge deler.


Ny traktor kvart 20. år?

Frå før låg traktormarknaden på eit nivå som tilseier at gjennomsnittsbonden knappast får fornya hovudtraktoren så ofte som kvart femtande år. Blir dagens nivå ståande, vil det gå 20 år mellom kvar gong gjennomsnittsbonden kjøper ny traktor – om det ikkje fell frå veldig mange bønder, då. I reknestykket har vi tatt med at ein viss del av traktorane går til andre formål enn landbruk.


Tal med feilkjelder

Ver klar over at tala her ikkje er justerte mot BGs korrigerte tal for 2013, og at vi enno ikkje har kvalitetssikra 2014-tala. Erfaringsmessig betyr det nokre få traktorar til eller ifrå, utan at det er grunn til å tru at det betyr noko for rekkefølgje eller dei store linjene. Den komplette og fullstendige norske registreringsstatistikken finn du som vanleg i Bedre Gardsdrift nr. 1 2015, tilgjengeleg for abonnentane våre i slutten av januar.