Du er her

Superbønder med BG-prisar

- Eg har noko spesiell traktorkøyring her. Korleis skal eg prise det?
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 18.11.2016 16:11

For ein del månader sidan kom ein telefon til Bedre Gardsdrifts redaksjon, med spørsmål knytt til maskinleigeprislista. Det er ikkje så spesielt. Sånne telefonar får vi jamt og trutt, og det er kjekt.

Denne gongen kom telefonen frå ein bonde som var spurd om å leige ut maskiner til NRK-satsinga Superbonden. Maskinbruken var ikkje heilt å jamføre med ordinær bruk. Så er det vel også ganske typisk for ulike realityprogram at innhaldet stundom kan avvike litt frå verkelege livet. I alle fall: Vi fann prisar i maskinleigeprislista som kunne høve, bonden vart nøgd og vi var glade for å kunne hjelpe.

Tidlegare har vi fått spørsmål i samband med forsikringsoppgjer, prislista er brukt i rettstvistar, den er brukt i forhandlingar med styresmaktene, og i prisforhandlingar mellom kjøparar og leverandørar av ymse landbruksprodukt. Berre for å nemne noko.

Maskinleigeprislista er å finne som eit stifta bilag i papirutgåva av Bedre Gardsdrift, som abonnentane våre får i den fysiske postkassen sin. Eit årsabonnement kostar nesten det same som ein times pløying med toskjærs vendeplog, om vi held oss til middelprisen. Lurer du på prisar på leigekøyring, er det slik sett fånyttes å leite på nett.