Du er her

Stor ballevogn frå Metsjö

Ei slepevogn med nimeters plan og 23 tonns nyttelast skal gi meir effektiv balletransport, melder Metsjö.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 02.08.2016 17:08

Slepevogna MetaU 90 har hydraulisk nedfellbare grinder som lastsikring. Med 800-kilos rundballar er kapasiteten 31 ballar, med tanke på den tillatte totalvekta på 27 tonn. Eller om vi reknar på tilgjengeleg plass: Er ballane mellom 1,25 og 1,3 meter i diameter, går der sju ballar i lengda, altså 14 pr. lag. To lag ballar vert då 28 stk.

1,3 meters lastehøgde

Ein fordel med vogna er at lastehøgda er 1,3 meter. Ideen til vogna kjem frå ballevognkonseptet på MetaX, men her er nyttelasta høgare og lastehøgda lågare. Metsjö melder at fleire kundar har ytra ønske om ei smidigare, lågare og med det meir stabil vogn til reindyrka balletransport.

Tre akslingar med fyldige hjul

Vogna er bygd etter same prinsipp som mange lastebiltilhengarar: Fremst ein svingbar aksling med 50 graders svingutslag, tilkopla hengardraget. Bakerst er to akslingar i boggi, der sisteakslingen kan ha styring. Typisk dekkdimensjon er 710/45 R 22,5, og det er ein føresetnad med radialdekk for nok demping. Eigenvekta er fire tonn.

Utfordring med norske vektreglar

Tar vi omsyn til norske vektreglar, må du ha ein traktor med 18 tonn aktuell vekt for å utnytte lastekapasiteten på vogna. I og med at dette er ei slepevogn, utan vektoverføring, må traktoren altså vege så mykje sjølv eller bli lasta ned til det nivået. Einaste traktor som er i nærleiken av dette er Claas Xerion, med 17,5 tonn eigenvekt. Også traktorar som CaseIH Magnum, Claas Axion 900, MF 8700/Valtra S4, Fendt 900/1000 og John Deere 8R har modellar med 18 tonn tillatt totalvekt, men desse må då ha belastningsvekter på mellom fem og 7,5 tonn for at hengaren skal kunne bli utnytta maksimalt.

Ei anna avgrensing er effektreglane. Forskrift om bruk av kjøretøy seier at det er nok med 280 hk (206 kW), sjølv om vogntogvekta er over 40 tonn. Dei fleste av dei aktuelle traktorane  oppfyller det kravet.

 

Faktaboks

Norske vektreglar

Om traktoren går over 30 km/h, må du ta omsyn til desse reglane:

- Summen av aksel-/boggilaster på tilhengaren kan ikkje vere meir enn 1,5 gongar summen av aksellastene på traktoren. Dette gjeld aktuell vekt. 

- Trekkvogna (traktoren) må ha minst 5,15 kW (7 hk) pr. tonn aktuell vogntogvekt. Ved vogntogvekter over 40 tonn er det nok med 206 kW (280 hk)

- Aktuell vekt er kva køyretyet faktisk veg  der og då. Eigenvekter oppgitt i vognkort, brosjyrar o.l. er uviktige i denne samanhengen.