Du er her

Stilling ledig: Teknikkekspertar i bondelaget

Det er ei fallitterklæring at organisasjonen, som har 62 000 medlemmer, ikkje sjølve har tatt seg råd til å prioritere fagfeltet teknikk og trafikk på ein skikkeleg måte.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 10.03.2010 00:05

LEDER FRA BEDRE GARDSDRIFT NR. 2 - 2010

Norges Bondelag er i gang med sitt store, årlege prosjekt: Jordbruksforhandlingane. Nærast som eit heilagt, årleg ritual legg organisasjonen ned eit stort arbeid frå grasrota og heilt til topps – i noko som mange meiner gir heller marginale resultat frå år til år. 

Vi seier ikkje at jordbruksforhandlingane er uviktige, men det er grunn til å stille spørsmål ved korleis bondelaget fordeler ressursane sine. For å sette det litt i perspektiv: Av 60 sentralt tilsette har bondelaget berre éin person som mellom andre oppgåver jobbar med teknikk, trafikkreglar, bioenergi og andre praktisk retta emne. 

Gjennom den såkalla breiddesaka ser vi kor viktig det er at bondelaget har kunnskap om meir enn målpris og stell av kulturlandskap. Bedre Gardsdrift set stor pris på å kunne samarbeide tett med bondelaget, og bistå i saker som eksempelvis trafikkreglane. Likevel er det ei fallitterklæring at organisasjonen, som har 62 000 medlemmer, ikkje sjølve har tatt seg råd til å prioritere fagfeltet teknikk og trafikk på ein skikkeleg måte.

Det seier sitt at nettsida til bondelaget er så godt som fri for stoff om maskiner og teknikk. Der er eigne undersider om rekneskap, juss, husdyrproduksjon, planteproduksjon, open gard og matopplevingar, men ingenting teknisk. 
Ser vi på ein fritt valt gardsrekneskap, og følgjer med ein heilt vanleg arbeidsdag på garden, oppdagar vi fort at teknikken har ei svært sentral rolle. Kvifor tar ikkje bondelaget konsekvensen av dette? 

Norges Bondelag er og skal vere den viktigaste organisasjonen for norske bønder. Då må dei også ta den praktiske kvardagen til bonden meir på alvor. Bondelaget bør snarast råd gjere eit av sine viktigaste grep på lange tider: Dei må flytte over ein liten del av ressursane sine til ei ny faggruppe med engasjerte medarbeidarar som forstår teknikk, juss, og ikkje minst den praktiske kvardagen til oss bønder. 
Vi garanterer at det får minst like mykje å bety for drifta til landets bønder som årets landbruksoppgjer.