September i år er som september i fjor, men ikkje særleg bra mot tidlegare år.

Stabiliteten rår

Sjølv om Valtra gjer eit lite byks, er situasjonen på traktormarknaden svært stabil: Ein traktor meir enn september 2015 og plasseringane er som i august.

Publisert

Skal vi ta rangeringane først, er einaste justeringane frå førre månad at Fendt og New Holland ikkje lengre ligg på delt fjerdeplass, mens Landini no er oppe på delt 17.-plass med Belarus. Totalmarknaden har gått opp med 51 traktorar, eller to prosent. Dramatikk er såleis eit ord vi ikkje har behov for i den vidare teksten. Men at der er endringar i vente, det trur vi på. Ikkje minst knytt til importørsituasjonen, som du kan lese om i ei eiga ramme.

Konsolidering på topp fire

John Deere held førsteplassen og har fjor fjerde månad på rad ein marknadsandel på 25-komma-noko. Klart i tet, men langt frå like godt resultat som i fjor. Då hadde Deere 699 traktorar då september var omme. No er talet 543 etter tre kvartal, ein nedgang på 156 stk/22 prosent i tal traktorar og tilbake åtte prosentpoeng i marknadsandel. September-registreringane drar resultatet litt ned.

Massey Ferguson går fram frå fjoråret, opp 30 traktorar, og ligg svært trygt på andreplass. Men september bidrar heller ikkje her i positiv retning. 25 traktorar er omlag 15 færre enn naudsynt for å halde marknadsandelen stabil.

Valtra slær frå seg for å halde det siste trinnet på pallen, og er merket med flest registreringar i september. Med det er finnen akkurat like stor i september i år som i september i fjor.

New Holland og Fendt skulder mot skulder

New Holland har sikra seg fem fleire registreringar enn Fendt i september, og ligg dermed fem traktorar framom totalt sett. For New Holland er situasjonen no litt trivelegare enn i rekorddårlege 2015. For Fendt er det berre fryd og glede, for der kjem 2016 til å vere langt framom tidlegare bestenoteringar. For begge er septembertala betre enn gjennomsnittsmånaden til no i år.

Store svingingar nedover

Målt mot situasjonen til same tid i fjor, har alle merka vidare nedover store svingingar. Mest nedover.

CaseIH går mykje opp, men det skuldast meir at 2015 var dårleg enn at 2016 er bra.

Deutz-Fahr går litt opp frå i fjor, men ligg bak skjema for eit normalår. Etter tre kvartal er enno ikkje DF bikka 80 traktorar. Gjennomsnittet for kvart heile år siste fem åra er 159 traktorar. For å nå det nivået må HCP mate ut like mange traktorar i årets tre siste månader som i dei ni første.

Claas går mykje tilbake, og ligg no på 2/3 av normalt nivå. Her har nok uvissa om ny forhandlarstruktur gitt utslag.

Kubota går litt opp, og er etter ni månader på same nivå som etter 12 månader dei seinare åra.

McCormick har parkert, med berre to nyregistreringar i september. Også McCormick er i ein situasjon der siste kvartal må vere nesten som dei tre første til saman, for å klare eit resultat på nivå med det som har vore normalt dei seinare åra. Den ambisjonen er det nok ingen som har, i og med at McCormick har mista største importøren sin.

Zetor held stø kurs mot sitt dårlegaste år i Noreg nokon gong. Zetor må tredoble innsatsen ut året for å kome seg opp på eit normalt nivå, på same vis som Deutz-Fahr og McCormick.

Siste månad med fire store importørar

Eikmaskin held seg stadig på topp. Siste månaden med berre to merke innanbords, har Eik ein marknadsandel på nesten 31 prosent, seks prosentpoeng framom Felleskjøpa. I Lantmännen Maskins siste månad er der éin traktor som skil Lantmännen frå A-K maskiner, i favør av sistnemnde. Begge har 16,4 prosent marknadsandel.

Dei store importør-endringane

Frå første oktober har Eikmaskin Valtra i tillegg til Massey Ferguson og Fendt, og delar av forhandlarnettet er nytt. Frå same dato står firmaet med landets lengste og mest kronglete namn, Norwegian Agro Machinery, klare til å distribuere Claas, og dei har knytt til seg Lena Maskin. Dermed har også McCormick mista den største av sine to importørar. I tillegg har HCP dei seinare månadane mista fleire av sine forhandlarar, og står utan representasjon i store og tunge jordbruksdistrikt.

Desse endringane har vore varsla i lang tid, og har alt gitt sine utslag på registreringsstatistikken. Korleis endringane slår ut no som ting ikkje berre er varsla, men faktisk har skjedd, må vi vente nokre månader før vi uttaler oss om. For traktormarknaden fungerer nemleg slik at det kan gå fleire månader frå ein traktor er selt til den blir registrert. Og ved endringar som dei vi ser no, kan vi rekne med ei viss oppregistrering av demotraktorar hos dei nye aktørane. Difor skal vi ikkje legge for mykje vekt på fordelinga mellom importørane før året er omme. Men interessant skal det bli.

Powered by Labrador CMS