fendt 820 fart uskarp q

Støttar framlegget om 50-lappen

I eit felles høyringssvar frå Norges Bondelag, TLIF og Bedre Gardsdrift blir det gitt full støtte til Vegdirektoratets framlegg om eit eige femtimarskurs som gir rett til å køyre 50 km/h-traktor.

Publisert

Dei seinare åra har førarkortkravet for å køyre 50 km/h vore urimeleg høgt. No er det håp om ei fornuftig løysing.

Dei seinare åra har førarkortkravet for å køyre 50 km/h vore urimeleg høgt. No er det håp om ei fornuftig løysing. Framlegget fjernar behovet for det dyre førarkortet for CE (vogntog) for deg som vil køyre traktor som går 50 km/h, og har førarkort tatt etter 1.1.2005. Eit kurs på fem timar, utan avsluttande prøve, skal vere nok til å få ein kode som lar deg køyre 50 km/h, om du har klasse T eller BE frå før og er over 18 år. – Landbruksnæringa og tilknytte bransjar ynskjer at det skal stillast strengare krav til førar av traktor som går i 50 km/h enn til traktor som går i 40 km/h, då farten bidrar til ein auke i risikoen. Denne risikoen kan førebyggjast med kunnskap og haldningar som føraren kan tileigne seg ved det skisserte kurset, og gjennom erfaringa som aldersgrensa fører med seg. Dei føreslåtte endringane vil gi ei høveleg kompetanseheving for å kunne køyre 50 km/h-traktorar, og med det bidra til god tryggleik og samhandling i trafikken, står det i brevet. Uttalen er gitt etter at saka har vore drøfta hos bondelaget, maskinbransjen og i BGs redaksjon. Innspel frå medlemmer og lesarar, og også innlegg i debattforumet på gardsdrift.no, er tatt med i vurderingane.

Ynskjer fem målretta timar

Bondelaget, TLIF og Bedre Gardsdrift stiller seg heilt og fullt bak både målet med femtimarskurset, og opplegget som er skissert. Einast med ein liten merknad om at vi ynskjer at det faglege innhaldet i kurset skal vere enda meir spissa mot skilnaden mellom å køyre i 40 km/h og 50 km/h, ved at nokre generelle emne som høyrer heime i grunnopplæringa til førarkort blir tatt ut, for å kunne bruke tida på det som er spesielt ved å køyre raskare traktorar.

Når kan du ta kurs?

No skal innspela til høyringa behandlast av Vegdirektoratet, som deretter gir si tilråding til Samferdsledepartementet, som avgjer saka. Byråkrati tar tid, så det er vanskeleg å seie heilt sikkert kor snart alt er klart. I og med at det som gjeld 50-lappen for traktor er ein del av ein større pakke, kan behandlingstida vere lengre enn om saka hadde gått åleine. Ambisjonane før høyringsrunden var at alt skulle vere klart seinhaustes. No ser midtvinters ut til å vere meir realistisk for optimistane.Nyss avgått statssekretær Geir Pollestad frå Sp sa til Bedre Gardsdrift då saka vart sendt på høyring at utkastet viste den løysinga som politisk leiing i departementet ville ha. Kva nye politikarar ynskjer i denne saka veit vi ikkje, anna enn at dei jo har lova å ta bort unødige hinder for landbruket. Ein fin plass å starte er å rydde i trafikkreglane.

Gjeld dette deg?

Kurset er aktuelt for alle som har tatt førarkort klasse T eller BE etter 1.1.2005. For alle med førarkort klasse B eller T tatt før denne datoen, finst det inga vekt- eller fartsgrense som regulerer kva traktor dei kan køyre. Alle som har tatt T etter denne datoen, har ei avgrensing på maks 40 km/h såkalla konstruktiv hastighet på traktoren, og dei kan ikkje køyre kombinasjonar av traktor og hengar som har meir enn 25 tonn tillatt totalvekt dei første to åra du har traktorlappen. Du kan ikkje køyre traktor med klasse B tatt etter 1.1.05, men har du klasse BE gjeld same reglar som dei to første åra for klasse T: Maks 25 tonn tillatt totalvekt, maks konstruktiv hastigheit 40 km/h.

Trafikkalt grunnkurs på skulen

Som ein del av same høyringa, er det også med eit punkt om at det kan bli høve til å ta trafikkalt grunnkurs som valfag på ungdomsskulen. Til dette kommenterer bondelaget, TLIF og BG at kurset då må vere mogeleg å ta for dei som treng det til traktorlappen.

Heile svaret her

Her kan du lese heile svaret frå Norges Bondelag, Traktor- og Landbruksmaskinimportørenes Forening og Bedre Gardsdrift:

"svar høyring 50kmhførarkort nb+tlif+bg

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS