Du er her

SSB: Lågt lønsnivå i landbruket

Statistisk sentralbyrå har lagt ut ein statistikk over gjennomsnittsløner i 337 yrkeskategoriar. På botnen finn vi avløysarane, typiske studentjobbar og løna bønder.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 02.02.2017 07:32

Lønsveksten frå 2015 til 2016 er den lågaste på 2000-talet, konstaterer SSB. Gjennomsnittsløna i Noreg er no 43 300 kroner pr. månad, opp 1,6 prosent frå 2015. Dei høgaste inntektene finn vi i Oslo, Rogaland og Akershus. Hedmark, Sogn og Fjordane og Oppland ligg på botnen av lista, melder Statistisk Sentralbyrå

Lite peng i primærnæringane
Når Statistisk Sentralbyrå grovdeler statistikken sin i ti kategoriar, ligg kategorien reinhaldarar, hjelpearbeidarar o.l. aller sist, under bønder, fiskarar m.v. – vel å merke når det er gjennomsnittsløna som er grunnlaget for sorteringa. Ser vi på kva den dårlegaste fjerdedelen av utvalet tener, er det bønder og fiskarar som ligg aller lågast. 
Bedre Gardsdrift har henta ut løna for alle dei 337 gruppene SSB opererer med, og rangerte desse etter gjennomsnittleg månadsløn. 

Omfattar få vanlege bønder
Det er viktig å hugse på at vi i landbruket ikkje har ordinær månadsløn, men på linje med andre næringsdrivande hentar ut ei inntekt basert på produksjonsresultatet vårt. Difor er ikkje inntektene til bønder som driv på ordinært vis med i denne statistikken. Grunnlaget er nemleg opplysningar frå den såkalla A-ordninga, ei rapporteringsordning som omfattar alle som har fått utbetalt løn frå ein arbeidsgivar. Slik sett kan til dømes samdrifter vere omfatta, mens vanlege familiebruk fell utanom. 

I botnen: Landbruk og studentjobbar
Mellom dei som får utbetalt løn, ligg mjølke- og husdyrprodusentar eit lite hakk under bingovertar. Mens plante- og husdyrprodusentar faktisk ligg hundrelappen høgare enn bartenderar. Her er ikkje tips medrekna, så det kan vere at denne skilnaden vert utviska til kvardags. Botnen av lista er prega av typiske studentjobbar, reint bortsett frå det som her er kalla hjelpearbeidarar i husdyrproduksjon/nyttevekstproduksjon. Her finn vi dei aller lågaste innrapporterte lønene, 17 900 kroner under gjennomsnittsløna. For gruppa på plass 337, Menige soldatar, er det ikkje oppgitt noko inntekt. 

Køyrer du jord- og skogbruksmaskiner mot løn, ligg du knappe ti tusen under gjennomsnittleg månadsløn i Noreg. 

Statistikken skil ikkje mellom veterinærar på produksjonsdyr og slike som syslar med kjæledyr. Samla ligg veterinærane fem tusen over den norske snittløna, men nesten 16 000 under legar utan "dyr" framom. 

Trøysta får vere at vi frå eine landbruksministeren føre og hin etter får høyre at landbruket har ein særs god inntektsvekst dei siste åra. Som nemnt omfattar ikkje denne statistikken bønder flest, så difor kan vi ikkje bruke den verken til å underbygge eller motseie slike påstandar. Eit anna moment er at statistikken vi viser her er rangert etter kroner, ikkje etter prosent.  

Merk deg at det vi i daglegtale gjerne kallar avløysar eller røktar, finn vi att med den noko edlare tittelen hjelpearbeider i materialet her. 
For at du skal sleppe å leite det gjennom heile den lange lista, viser vi berre eit utdrag. Arbeid direkte knytt mot landbruket er utheva.