Spegelen

Før i tida vart søppel frå Bergen køyrt i store prammar ut til Strilelandet, der da vart spreidd utøve bøndene sine jorde som gjødsel. Byskit, vart da kalla.

Publisert

Strilen Lars hadde også fått byskit på småbrukje sitt. Ein dag han gjekk dar og raka, kom han øve nåke tå glas som låg i graset. Da va ein spegel, men slikt hadde aldri han Lars sett før.Han tok opp glaset, såg i da, og sa:Nei, du og du kor gamal han stakkaren vart før han daua! Lars tok med seg biletet av stakkaren inn, og la det i ei kista på loftet. Nyfiken som han var, lurde han seg stadig bortom kista på loftet for å sjå på den gamle stakkaren.Kjerringa lurte på ka han var så ivrige itte å sjå på i kista. Ein dag Lars var ute og arbeidde, gjekk ho opp og opna kistelokket. Der ser ho spegelen, tar han opp og bjeffar: Ja, tenkte eg det ikkje! Eg har no vore sikker på at han Lars held seg med andre kvinnfolk, men med ei slike bustelurva som ho her, kan han berre halda på før meg!

Powered by Labrador CMS