Du er her

Snart MF 4700 frå Frankrike

Massey Fergusons nye verdstraktor, i klassen under den svært populære 5600, blir sett i produksjon i Frankrike i løpet av året. Denne versjonen vil vere tilpassa europeiske behov.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 07.01.2015 16:00

Snart også med hytte. Massey Ferguson startar produksjonen av 4700-serien i Frankrike i løpet av året.

Massey Ferguson 4700 er eit av dei dyraste utviklingsprosjekta i Agcos historie, og meir enn 90 prosent av komponentane i traktoren er nyutvikla. 4700-serien er tilpassa behov og fabrikkar over heile kloden, og vart først vist i den heilt enkle versjonen, utan hytte. Les meir om 4700-serien her.


Europeisk utgåve

" No kjem ein variant tilpassa europeiske og norske forhold, montert på same fabrikk som storesøskena i MF 5600, 6600, 7600 og 8600, i Beauvais i Frankrike. Her får du heil hytte, og EHR blir tilgjengeleg. Den nye 4700-serien er til no levert i utgåver kring 80-90 hk, men den såkalla global-serien er skissert til å kunne ha 60 til 130 hk, fordelt på seriane 2700 og 4700. Dei første europeiske 4700-traktorane vil bli viste på Lamma-utstillinga i England i slutten av månaden.  


Sikrar økonomien i Beauvais

4700-serien vil etter kvart bli bygd på fabrikkar i India, Kina, Brasil og Tyrkia forutan Frankrike. Planen er at traktorane skal monterast på fabrikkar nær marknaden der dei skal seljast. MF-eigar Agco framhevar at produksjonen i Frankrike er ein honnør til fabrikken for godt utført arbeid gjennom mange år. Frankrike var ikkje nemnt på den opprinnelege lista over produksjonsfasilitetar for den nye verdstraktoren. Det siste året er økonomien i traktorproduksjon blitt noko forverra, med permiteringar på fleire fabrikkar som ein av konsekvensane. Slik sett kan dette vere eit tiltak for å halde oppe produksjonsvolumet i ein allereie godt etablert fabrikk.