Du er her

Småsmart i beautybagen

Det er ikkje berre i verktøykassen du finn ting du har nytte av i gardsdrifta. Produkt som er meint for utvortes bruk på menneskekroppen kan også duge.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 12.04.2007 11:53

I BG 2/07 kunne du lese om alternative bruksområde for Lypsyl, hårspray, babyolje og sminkespeil. Her følgjer fleire tips vi har snappa opp gjennom åra. Har du liknande idear, så send oss ei melding!

 

Sprøyte oljar strømpe

Ein liten avstikkar til medisinskapet i fjøset: Ta vare på eit par medisinsprøyter. Gjer dei reine, og bruk dei når du skal smørje vaierstrømper og andre heilt utilgjengelege plassar.

Om du ikkje har endelaust med tolmod, kan du enten bruke tynn olje, eller satse på varm smørjeolje. Då passerer den nåla mykje raskare.

Den vesle saksa

Same kor grovt arbeid du driv med i gardsverkstaden, av og til må du drive med finarbeid. Kniv er bra til mangt, men saks kan av og til vere betre. Til dømes klippe i pakningspapir eller klippe ut ein mal. Då er ei lita saks fin å ha i verktøykassen, gjerne ei det ikkje er så nøye med om ho blir misbrukt litt.

Gamle kjenningar

Desse triksa kjenner dei fleste frå før, men vi nemner dei likevel:

Vaselin på polen
Eit velkjent triks: Vaselin hindrar irring på batteripolane. Det beste er syrefri vaselin, men den vanlege gule boksen med grønt trekløver på er mykje betre enn inkje.

Tannkosten
Gjer reint der det er trongt å kome til, når delane er små eller skjøre.

Tannpirkar
Reinsar finkmekanikk skånsamt for fast smuss. Eit miljøvenleg bruk-og-kast-produkt.