Slapp traktor-juli

171 traktorar i juli er ikkje mykje å skrive heim om. Men styrkeforholdet mellom merka har stadig tydelegare interessante tendensar. 

Publisert

Normalen på traktorregistreringane i juli er kring 230 traktorar. Årets 171 nyregistrerte er det nest dårlegaste talet siste ti åra, mens totalen for dei siste 12 månadane enno ligg 20 traktorar framom førre perioden. Samla sett er det ikkje så reingale.

John Deere held teten
Største merke, med litt over kvar fjerde nyregistrerte, er som vanleg John Deere. Likevel, det buttar litt imot for felleskjøpa. Tar vi marknadsandelen månad for månad, starta John Deere høgt, men har gått litt tilbake nesten kvar einaste månad. Sjå berre her:

Januar: 33,6 %
Februar: 27,7 %
Mars: 27,8 %
April: 23,1 %
Mai: 22,4 %
Juni: 20,3 %
Juli: 18,1 %

For dei som er glade i John Deere er det berre å håpe at pila snart skal snu. Erfaring tilseier at den på eit eller anna tidspunkt vil gjere det, men samstundes skal vi hugse på at ein nær sagt samla traktorbransje er på hjortejakt heile året her i landet.

Eik er sterke
Massey Ferguson har vore største merke i mai, juni og juli. Vel å merke ikkje så mykje større enn John Deere at førsteplassen har vore truga på noko slags vis. Framleis er avstanden mellom dei to på 101 traktorar.
Ser vi Eikmaskin mot FK blir biletet annleis. Eik er landets største traktorimportør, 104 traktorar framom dei gul-grøne. Eik har nemleg eit strålande år med Fendt. Det tyske statusmerket større enn nokon gong i Noreg, på full fart mot ny bestenotering, og har gått forbi både CaseIH og frå april også New Holland. No er det berre 26 traktorar som skil Valtra på tredjeplass og Fendt på fjerdeplass.
Denne innsatsen frå Eikmaskin skjer i ei tid der det normalt sett skulle vore teikn til indre uro og turbulens, i og med at Eikkjeden er involvert i den store omorganiseringa i kjølvatnet av Lantmännen-exiten frå den norske marknaden.

Svak pluss hos A-K
Både New Holland og CaseIH er litt opp målt mot i fjor. New Holland har ein brukbar juli, mens CaseIH er meir ferieprega. Til no i år er begge ørlite opp, men vi snakkar om små justeringar. Inga skikkeleg innhenting av det tapte, akkurat.

Interessant på plassane sju til 11
Situasjonen kring Claas, Kubota og Lena Maskin vil i tida frametter gjere det ekstra interessant å følgje merka på plassane frå sju til 11. Akkurat no er Claas og Deutz-Fahr jamstore, og den sistnemnde er ikkje direkte involvert i importørbyta som føregår seg. Men HCP sine merke konkurrerer i eit segment der kundane viser vilje til å kjøpe noko anna enn dei største merka, og der lokale forhandlarar kan vere utslagsgivande i enda større grad enn hos dei store landsdekkjande kjedene. Slik sett vil det vere spanande å sjå korleis styrkeforholdet mellom Claas og Deutz-Fahr utviklar seg. Det er elles verd å merke seg at Claas ikkje har ei einaste nyregistrering i juli.

No er McCormick på plassen bak desse to, men om kort tid vil Lena Maskin som den største McCormick-importøren vinke farvel til dei raude. Kva skjer då?
Og tre traktorar bakom McCormick kjem Kubota, som sikrar seg tiandeplassen framom Zetor. Det japanske merket meiner alvor, og er i ferd med å styrke forhandlarnettet og modellutvalet sitt. Om det er reelle kundetraktorar eller demotraktorar som gir ni nyregistrerte Kubota i juli veit vi ikkje sikkert, men det er all grunn til å halde eit ekstra auge med det som skjer også i denne enden av lista.

Powered by Labrador CMS