Du er her

Slå på bondevettet!

Vi i Bedre Gardsdrift står på, og jobber hardt for at du skal få best mogeleg kår for traktoren i trafikken. Men vi treng di hjelp. Du kan starte med å slå av arbeidslysa, og slå på bondevettet!
Av Magnus Østby
Publisert 24.09.2008 13:35

På veg heim frå Agrisjå, kom ein av våre journalistar bak ein traktor der fire arbeidslys skin for full kraft rett bakover. Traktor og hengar skal ha ros for at alle køyrelysa såg ut til å vere i orden, men ut over det såg vi inkje. Slik bruk av arbeidslys er ulovleg, og vel så viktig: Trafikkfarleg. Den som kjem bak noko slikt, ser ingenting anna enn eit lyshav framom seg. Å køyre forbi er eit sjansespel på liv og død.

For nokre vintrar sidan kom vi bak ein sprek Valtra på vinterføre. I 50 km/h køyrde vi mil etter mil, utan sjanse til å køyre forbi, takka vere snøkavet bak traktoren. Unggutane i førarhytta tenkte tydeleg på heilt andre ting enn den veksande køen bak seg.

Den tredje historia er frå ei 90-sone i Østerdalen. Vår journalist har kone og tre ungar i bilen. Han tek att ein traktor med tilhengar, heilt utan lys. Vår mann legg seg tidleg ut for tydeleg å markere at han vil forbi. Når han er nesten på høgde med hengaren, svingar traktoren brått til venstre, utan forvarsel. Til alt hell klarer vår journalist å trakke bremsepedalen i golvet før det smell, med minst mogeleg margin.

Bedre Gardsdrifts redaksjon køyer årleg mange tusen kilometer over heile landet. Diverre opplever vi alt for ofte uvettig køyring med traktor. Nokre droppar å sikre lasta, mens andre legg ut i trafikken med frontreiskap i ein slik posisjon at den så alt for lett kan drepe.

Bedre Gardsdrift har sidan 2001 arbeidd aktivt for å sikre traktoren sin rett til å ferdast i trafikken. Gjennom artiklar i bladet og på nett, og gjennom arbeid som ikkje er synleg, men som vi veit har gitt avgjerande resultat. Vi meiner bestemt at traktoren skal ha rett til å køyre på vegen. Mykje av regelverket i dag er feil. Vi informerer om korleis det fungerer, og kva reglar du er pålagt å følgje. På same tid prøver vi å bidra til at nye reglar skal kome, og at dei vert endra til beste for landbruket. Dette arbeidet er fånyttes, viss du som traktorførar ikkje tenkjer deg om.

Når du køyrer på vegen, prøv å legge merke til korleis andre traktorar køyrer. Ville eg køyrd slik, eller bør eg gjere noko annleis?

Vi i Bedre Gardsdrift lovar å stå på, og jobbe knallhardt for at du i framtida skal få best mogeleg kår for traktoren i trafikken. Men vi treng di hjelp. Du kan starte med å slå av arbeidslysa, og slå på bondevettet!