RasterMaster slær under gjerde og rundt stolpar mens du køyrer beint fram. Finn videoen lengre nede i saka.

Slær rundt stolpane

På sosiale medium er det brått blitt litt merksemd kring ei spesiell slåmaskin. Den slær rundt gjerdestolpar og plantar med stamme på ganske så elegant vis.

Publisert

Eigentleg er maskina ganske mange år gammal, utan at det på noko vis betyr at den er mindre interessant. Den heiter RasterMaster, og er produsert av nederlandske Domatrac. I fjor kom ein ny modell.

Virkemåten er ganske enkel. Under dekselet er der tre reimdrivne knivhovud, litt som på ei krympa rotorslåmaskin. Desse står i V-formasjon. Når du køyrer stolpen inn i V-en, fjørar heile armen litt bakover, til heile klippepanna roterer, og alt fjørar tilbake på plass. Konstruksjonen sikrar ganske jamn arbeidsbreidde uansett posisjon, og på same tid får du til å klippe all vegetasjonen rundt stolpen. Vi har sett ymse andre løysingar på klipparar som fjører unna for stolpar. Felles for dei fleste andre er at der blir ståande ein litt stor sektor som ikkje vert klipt.

RasterMaster har kraftuttaksdrift, og kan monterast både bak og framme. Effektbehovet er lite.

Sjå videoen ute i ei eiga ramme. Der ser du funksjonen klart og tydeleg.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS