steine skilt BGnøttene15

Skiltar med premie-gåve

Solveig Valland og Steinar Steine har gardsnamnet i stål på veggen på reiskapshuset. Dei vann ein av premiane i BG-nøttene julaftan i fjor. No er det snart din tur!

Publisert

Berre litt lys inni, så er alt perfekt, konstaterer Solveig Valland og Steinar Steine frå Norheimsund. Dei vann det eine av fjorårets to gardsnamn-skilt i BG-nøttene. For å få skilt-premien til å passe på veggen vart der litt justeringar på storleiken, og dermed vart det to skilt i staden for eitt.

BG-nissane er enno ikkje heilt vakne frå dvalen sin, men nokre gode hjelparar er alt no i gang med å fylle premiesekken. For det blir inga jul utan BG-nøttene!

Premieliste på Agroteknikk

Nokre av hovudpremiane er klare alt no, og om litt får du sjå premielista. BG-nissane lova, før dei la seg i dvale kring nyttårsleitet, at heile årets liste med nøttepremiar skulle vere klar til Agroteknikk.– Då kan nøtteknekkarane kome innom Bedre Gardsdrift sin stand og sjå kva dei har i vente der, skrytte nissane før dei drog saueskinnfellane sine godt opp mot strikkaluene, der dei ligg godt gøymde i ei krå ute i høystålet i BG-låven.

Traktor, fullfôrvogn og fabrikkturar....

Det er ingen løyndom at det å vinne ein traktor til fri bruk i fire veker er blitt populært. Den sjansen får du i år også. Fullfôrvogn for vinnar med køyrbart fôrbrett står óg på lista. Mange ser fram til å reise på tur til ein eller annan traktor- eller reiskapsfabrikk. Også slike premiar blir å finne i landets eldste landbruks-adventskalender på nett. I tillegg til veldig mykje anna kjekt.

... og skrifta på veggen

Og joda, også dei heilt unike premiane på julaftan er på plass. Duun og Dalen stiller også i år med kvart sitt gardsnamn-skilt, der du får skore ut ein fritt valt tekst i ei vaksen stålplate. Ein premie ingen andre har maken til.

Det er berre å gle seg til jul!

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS