Du er her

Sjølvlaga silorivar

Av Anonym
Publisert 01.12.1999 12:00

Tidlegare brukte Gudmund Rangen avlessarvogna til silorivar, men den tok til å ruste. Difor bestemte han seg for å lage ein eigen rivar, som dessutan tar mindre plass på låvegolvet.

Rivaren er bygd opp om ei ramme. Sidegavlane og botnen er i vassfast kryssfiner. Den er så glatt at det ikkje trengst noko botnbelte, fordi silofôret sklir av seg sjølv på den skrånande botnen. Gudmund laga fleire hol for å prøve seg fram til ein passande hellingsvinkel. Det viste seg at den slakkaste var bratt nok. Rivaren rommar to klyper med silofôr. Bak avlessarelevatoren er det ei trakt som fører fôret ned i luka til fjøsen.

Til å drive rivaren har han brukt same elektriske motoren som på avlessarvogna. For å få denne til å passe på avlessarelevatoren, måtte han sveise på ein tapp der det før sto ein oljemotor. Han måtte også dreie eit lager for tappen. Elevatoren vart seld frå Underhaug Mekaniske (U-Mek) etter at dei hadde prøvd han på ei utanlandsk lessevogn, og er difor litt breiare enn vanleg.

På eine sida av ramma ser vi det stikk opp to øyre. Desse er til å feste på ei hurtigkoplingsramme, slik at det skal vere lett å flytte heile silorivaren.