Du er her

Serigstad til Fjøssystemer

Serigstads Exact Feeder og den nye skinnegåande One Touch Feeder er av produkta som frå no blir forhandla av Fjøssystemer. Begge partane i avtalen meiner dei blir styrka av samarbeidet.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 04.03.2015 23:45

Fjøssystemer, som er ein av dei to store leverandørane av fjøsutstyr i Noreg, har leitt Europa rundt etter utstyr som kan komplettere grovfôrlinjene dei alt kan tilby, marknadsførte under tilnamnet "Smart fôring". Svaret var nært: Serigstads Exact Feeder og  nykomaren One Touch Feeder.


Grovfôrlinjer for alle

I Bedre Gardsdrifts reportasje frå Agrisjå 2014 kunne du lese om Exact Feeder, som heretter blir å få i raudt under paraplyen "Smart fôring".

Fjøssystemers André Stenumgård forklarer samarbeidet med at Fjøssystemer ynskjer å vere ein komplett leverandør til alle typar og storleikar av fjøs. I fjor vart BvL tatt inn i stallen, med stasjonære fullfôrblandarar. Reine grovfôrlinjer er også høgaktuelle her i landet, og den beste løysinga der var å finne på Jæren. – Vi har jakta på ein god rundballerivar ganske lenge, og har konkludert med at ingen av alternativa er i nærleiken av det Serigstad kan tilby. Difor er vi svært glade for å ha fått ein avtale med dei, konstaterer salssjefen i Fjøssystemer. Han konstaterer at produktlinjene utfyller kvarandre godt. At kompletteringa blir gjort med ein norsk leverandør tykkjer han er ekstra kjekt.  


Exact Feeder: Stasjonær heilautomat

Exact Feeder er ein grovbygd etterkomar av RBK Flexifeed, konstruert for langt større påkjenningar og volum. Rivaren står stasjonært, gjerne tilkopla eit reservoar i valfri storleik inntil åtte ballar, og den kan køyrast heilautomatisk eller til dømes vere styrt av eit utfôringssystem. Eit typisk bruksområde vil vere å mate rullande fôrbrett, takband eller til dømes rive opp rundball til ein Lely Vector. Ved slik bruk er det aktuelt at utfôringssystemet styrer når ExactFeeder-maskina slær seg av og på. Dersom den står med vekter under labbane, vil fôrtildelinga bli temmeleg nøyaktig.


One Touch Feeder: Rimeleg alternativ til heilautomat

"

Egil Mæland hos Serigstad gler seg over avtalen med Fjøssystemer, og markerer den med å sleppe nye halvautomatiske One Touch Feeder. Foto: Helge Njærheim/Serigstad

Den heilt nye rivaren og utleggaren med namnet One Touch Feeder er også ein etterkomar etter Flexifeed, om enn med vesentlege oppgraderingar. Denne er skinnegåande, slik at den fordeler fôret i tillegg til å rive det. Sjølve utfôringa går automatisk, ved at du programmerer kor den skal dele ut kor mykje fôr. Men den startar ikkje av seg sjølv. For å få den i gang, må du trykke på ein knapp. Derav namnet.
– Denne maskina har mykje lågare pris enn ei heilautomatisk maskin, men føresetnaden er at du er i fjøset og trykkjer på knappen, forklarer Egil Mæland i Serigstad til Bedre Gardsdrift.
– Du programmerer heile sekvensen den skal køyre, og du er til stades i fjøset med den tryggleiken det medfører, før vogna startar. Ut over det går vogna av seg sjølv til den er ferdig. Ein konsekvens er at vi kan bygge ei mykje rimelegare vogn som reint bortsett frå oppstarten gjer same jobben. Denne er like aktuell om du har nokre få sauer som om du har stort storfefjøs. Ingen av Serigstads maskiner er i dag ein direkte konkurrent til TKS sin Feed Robot, men både Fjøssystemer og Serigstad har merka seg suksessen til det raude firmaet på Jæren.


Fire frittståande får vere med vidare

ExactFeed har til no vore seld av fire frittståande forhandlarar fordelte kringom i landet. Desse kan, om dei ynskjer det, halde fram som forhandlarar av Serigstads fôringsutstyr, men må ta det via Fjøssystemer.


Bra for Serigstad

Sals- og marknadsansvarleg Egil Mæland hos Serigstad ser store fordelar med Fjøssystemer-avtalen. Serigstad får tilgang til eit langt sterkare forhandlarnett, noko som vonleg vil bidra til større volum, og med det større musklar til å drive produktutvikling. Mæland nøler ikkje med å love eit breiare produktspekter i framtida. Ein synleg konsekvens av samarbeidet er planen om å lakkere Serigstad-utstyret som Fjøssystemer skal selje raudt, og klistre på "Smart fôring"-merket saman med Serigstadlogoen.   


Meir i vente

Med klossar frå Serigstad i Fjøssystemer sin Lego-kasse er det enda fleire artige ting som kan byggast. Stenumgård avslører såpass som at dei er i ferd med å legge saman fleire av klossane frå den kassen på ein ny måte, og før sommaren skal dei ha bygd saman noko nytt og interessant. Men det må vi kome tilbake til då.


Flexifeed hos Eikmaskin

Den velkjende rundballekuttaren Flexifeed vil som før bli forhandla av Eikmaskin.