Du er her

Samlerive for bortkomen rundballeplast finst ikkje – enno

Årets tullepris i maskinleigeprislista i Bedre Gardsrift er noko fleire burde ha, meiner ein innsendar.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 09.06.2017 17:21

Odd Arne Skeie frå 4262 Avaldsnes var mellom dei som fann den eine oppdikta prisen i maskinleigeprislista. Han får Flaxlodd i posten om litt.

Lars A. Nymo oppsummerer årets oppgåve strålande godt: Mye tyder på at årets tullepris er "rive for bortkomen rundballeplast", noe som de fleste burde ha. I hvertfall hvis man skal legge til grunn hvordan det ser ut rundtomkring når snøen tiner. Liker også middelprisen på utstyret, 365,- , siden det er en helårsoppgave å holde plastforsøplinga nede.

Vi seier takk til alle som har sendt svar! Og no som du veit dette, kan du trygt ta for deg alle dei andre prisane i maskinleigeprislista vår. Dei skal vere til å stole på, alle som ein!

Faktaboks

Bedre Gardsdrifts maskinleigeprisliste omfattar prisar på nær 500 arbeidsoperasjonar og reiskapstypar. Med lågaste og høgaste representative pris og ein unik middelpris som speglar det mest vanlege prisnivået i marknaden, er prislista eit svært nyttig verktøy for Bedre Gardsdrift sine abonnentar. Maskinleigeprislista er berre å finne i papirversjonen av Bedre Gardsdrift, og såleis eksklusiv for abonnentane våre. 

Prislista for 2017 vart publisert i Bedre Gardsdrift nr. 3, som eit 16-siders stifta bilag som du kan nappe ut og ta med deg. 

Gjennom mange år har vi lagt inn ein tullepris, som klart og tydeleg ikkje har noko i ei slik liste å gjere. Finn du denne, kan du vinne ein premie. Tidlegare tulleprisar er til dømes

  • Utlegging av kornsirklar
  • Mannen med ljåen
  • Nedbygging av matjord, Sylvipengar pr. dekar
  • Frihandstatovering av gris
  • Samtalepris, drøfting av laust og fast, pr. time (evt med tillegg for samtidig motor på tomgang)