Deutz-Fahr 9340 TTV TOTY 2015

Söderberg & Haak med Deutz-Fahr i Sverige

Sveriges nest største landbruksmaskinkonsern overtar import og sal av Deutz-Fahr traktorar og skurtreskarar. Avtalen får ingen direkte konsekvensar for Noreg, men vil nok heve DF merkbart i Skandinavia.

Publisert

Det er ikkje noko lite firma som no skal fronte Deutz-Fahr på andre sida av kjølen. Söderberg og Haak har ein årleg omsetnad på 2,7 milliardar kroner, og ligg med det rett bak Lantmännen Maskin. Söderberg & Haak er dessutan Sveriges største private maskinfirma.

Oppsagt av CNH

Spekulasjonane har lenge gått høgt, etter at Söderberg & Haak i vår vart oppsagt som importør av Case New Holland, etter mange års samarbeid, grunna usemje om strategien vidare. Omlag på same tid vart forholdet mellom Rosenqvist maskin og Same Deutz-Fahr-gruppa avslutta. Rosenqvist maskin er å rekne mellom dei mindre aktørane på den svenske maskinmarknaden. Spekulasjonane om kven som kjem inn hos Söderberg & Haak til erstatning for CaseIH og New Holland har vore mange, og naturleg nok har Deutz-Fahr vore av namna som har ligge i lufta.

Berre Deutz-Fahr

Bedre Gardsdrift ringte Söderberg & Haaks toppsjef, Thomas Svensson, i går, akkurat i det han sat i møte for å signere avtalen med Same Deutz-Fahr Group. No er avtalen offisiell. Söderberg & Haak skal konsentrere seg om traktorar og skurtreskarar av merket Deutz-Fahr. Reiskapssortimentet frå Deutz-Fahr blir ikkje ein del av satsinga.

– Premium frå familiekonsern

Thomas Svensson er godt nøgd med avtalen, som sikrar tilgang på eit av dei mest populære traktormerka i Tyskland. Alle dei større modellane frå merket er produserte i Tyskland, mens dei mindre er bygde i Italia. Treskarane kjem frå ein ny og moderne treskarfabrikk i Kroatia. – Vi er glade for ein avtale med eit familieeigd konsern, på same vis som JCB, Krone og Amazone, som vi også har i vår portefølje, kommenterer Svensson. Söderberg & Haak er på si side ein del av faliliekonsernet Mellby Gård, som omset for 5,5 milliardar svenske kroner, med varemerke som Duni og Älvsbyhus mellom dei 11 forretningsområda.

Med CaseIH og New Holland har Söderberg & Haak hatt kring 18 til 20 prosent av traktormarknaden i Sverige. Selskapet har også vore ein stor aktør på skurtreskar. Ambisjonen er å forbli ein av dei største aktørane.

Opererer i Sverige

Söderberg & Haak er eit reindyrka svensk konsern, med sal berre på heimemarknaden. Slik sett vil ikkje den norske marknaden bli påverka av endringane. Likevel trur Lars Wear på positive ringverknader også på vår side av landegrensene, noko du kan lese meir om her.

Ein artig detalj er at Haak-greina av namnet har norske røter, til norske Leonard Haak, som saman med kameraten Per Söderberg i 1866 starta eit grossistfirma innan jernvare. Rett nok trekte Haak seg ut etter kort tid, men namnet vart ståande. I løpet av andre halvdel av 1800-talet vart firmaet ein viktig aktør i mekaniseringa av det svenske landbruket, og etter det har konsernet gradvis endra seg til å bli eit reint landbruksmaskinfirma.

"
Powered by Labrador CMS