Rundballespyd og siloklubbe

Magne Agjeld frå Olden i Nordfjord driv mjølkeproduksjon under krevjande forhold rett over fjorden frå Stryn. Han har stadig nye idear, og her er to av dei.

Publisert

(Fra Bedre Gardsdrift nr. 10/1999.)

Siloklubbe

På biletet ser vi han med ei siloklubbe som er den beste vi har prøvd. Ho er laga av tre, men skil seg frå andre treklubber ved at det er brukt bandstål for å halde ho saman. Dermed vil ikkje treet sprekke opp og flise seg som det elles gjer. Levetida på klubba har vist seg å vere mange år, trass i flittig bruk.

Dessutan er klubba så godt som rekylfri, i motsetnad til gummiklubbene som er å få i butikken. Handtaket er passeleg tjukt, og ikkje så kaldt å halde i om temperaturen er låg heller. Skaftet er forresten over ti år gammalt. Ei anna positiv side er at kjetting og sjaklar overlever treklubba.

Rundballespyd

Framom seg har Magne spydet som han brukar når han skal dele opp rundballar. Det er eit gammalt støttestag for ein straumpåle. I eine enden er det eit auge som han hektar i kroken på silotaljen, og i andre enden har han kvest spydet.

Etter å ha banka spydet gjennom rundballen med siloklubba, trer han innpå fjøla, ei stor stoppskive og låser det heile med ein orepinne. Så er det berre å løfte ballen med taljen og trille han ut.

Powered by Labrador CMS