Du er her

Rundballar på E6 i Sokndal

Sør-Trøndelag: Politiet melder at ein traktor har mista rundballar i vegen på E6 gjennom Sokndal. Traktorføraren er no blitt fotgjengar.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 04.03.2017 22:26

Traktoren som mista to rundballar på E6 laurdag, vart køyrd av ein mann i 20-åra. Politiet har beslaglagt førarkortet, noko føraren samtykte i, og han er no anmeldt. 

Avisa Trønderbladet melder at det var føraren sjølv som melde ifrå om at ballane var ramla av. Han snudde og køyde sjølv tilbake for å plukke opp den eine, men var usikker på kor det var blitt av den andre. Den vart funnen av mannskap utsendt av vegtrafikksentralen. Politiet opplyser til Trønderbladet at det no er opp til politijuristen å avgjere kor stor bot føraren skal få, og kor lenge vedkomande må vere utan førarkort. 

Om du har lese Bedre Gardrift tidlegare, veit du veldig godt kva vi meiner om køyring der rundballane ramlar av langs vegen. Vår meining er så si sak, men også politiet og påtalemakta har sterke meiningar om dette, forståeleg nok.

Det er ikkje første gongen rundballar ramlar av langs vegen, men vi håpar kvar einaste gong at det er den siste. For dette skal ikkje skje! All last skal alltid sikrast så godt at den ikkje fell av, så enkelt er regelverket, og ved bruk av vanleg bondevit er konklusjonen akkurat den same. 

Under finn du eit lite utval av dei alt for mange artiklane vi har hatt om emnet.