Rosendal (nesten) klar med Fastrac

Rosendal er i forhandlingar om å bli ny Fastrac-importør, og har bestilt dei første traktorane. Den første er alt komen til landet.

Publisert

Etter at førre JCB-importør Lena Maskin vart kjøpt av Claas-importør Danish Agro 1. september i fjor, har JCB Fastrac stått utan norsk importør.

– Vi er mellom dei aktuelle til å bli ny importør, stadfestar dagleg leiar Ole Marius Rosendal til Bedre Gardsdrift.

I 2001 starta Rosendal import av JCB anleggsmaskiner, og har såleis rimeleg lang erfaring med det engelske familieselskapet. Og eit tilsvarande langvarig godt partnarskap, framhevar Rosendal.

Det er ikkje signert nokon endeleg avtale. Ole Marius Rosendal håpar det vil kome i orden før sommaren, men slær fast at slike prosessar stundom tar litt tid. Han kjenner ikkje til om der er andre kandidatar som kjempar om å få Fastrac-importen.

Enn så lenge får selskapet selje og importere JCB Fastrac likevel, parallelt med importen av anleggsmaskiner.

– Det er ei maskin som vekkjer stor interesse, konstaterer Ole Marius. Ein liten videosnutt som i det fjerne viser ein lastebil med ein Fastrac oppå er vist tusenvis av gongar det første døgnet, så Ole Marius ser ikkje bort frå at interessa er litt større enn salet.

– Fastrac er ei spennande maskin. Vi kjenner best anleggsbransjen, og der går det mange JCB-traktorar.

Dersom Rosendal Maskin vert den offisielle Fastrac-importøren, vil dei vurdere å styrke forhandlarnettet i retning landbruket. Enn så lenge ligg slike ting på vent. Dei har heller ikkje tatt stilling til om dei skal forhandle reiskap tilpassa Fastrac.

– Dette kjem vi tilbake til når ein eventuell avtale med JCB om Fastrac er i boks. Det som er sikkert, er at Fastrac er spennande maskiner, som er interessante for mange, konstaterer Ole Marius Rosendal entusiastisk.

Totalt 235 nye Fastrac i Noreg

Sidan 2005 er det nyregistrert 235 JCB Fastrac i Noreg. Det har også vore ein viss bruktimport, år om anna nesten like stor som nyimporten.

I tiåret 2003 til 2013 låg nivået på tett oppunder 20 traktorar i året i gjennomsnitt. Mesteparten av denne perioden var Nils Anton Mørk Maskin i Østfold norsk eineimportør.

Frå 2010 skulle Lena Maskin supplere Nils Anton Mørk Maskin som forhandlar, med ambisjon om å auke salet mot landbruket. Eitt år seinare vart NAMM sagt opp av JCB, og Lena Maskin vart eineimportør.

Rosendal maskin: Etablert i 1986

Familieeigde Rosendal Maskin har sidan 1987 vore forhandlar av Moxy dumper. I løpet av 28 år har Rosendal levert meir enn 2000 anleggsmaskiner på den norske marknaden, og selskapet har eit servicenett med 14 servicepunkt frå Kristiansand til Tromsø.  

Etter at Doosan kjøpte Moxy, overtok Rosendal i 2008 importen av heile Doosan sitt sortiment, inkludert Bobcat.

Rosendal Maskin har importert JCB anleggsmaskiner sidan 2001 og vore eineimportør sidan 2005.

Selskapet held til på eit 50 dekar stort område ved E18 nær Askim.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS