Rimeleg lassdempar

Legg du to-tre tusenlappar på bordet, kan du få lassdempar til frontlastaren eller trepunktshydraulikken. Enkelt og greitt.

Publisert

(Frå Bedre Gardsdrift nr. 8/1999.)

Det du må ha er ein spesiell akkumulator, eit T-stykke og ein slange. Alt bortsett frå akkumulatoren er standard hyllevare.

Toler større sjokk

Akkumulatoren er ein spesiell type som Tess skaffar frå ein av sine leverandørar. Halvard Hallum frå Tess Teknisk Service AS i Brumunddal meiner at dette er den einaste akkumulatortypen han kan tilrå til lassdemping på traktor, utanom dei originale.

- Den vi har valt ut har eit utvekslingsforhold mellom forladetrykk og maksimaltrykk på 1:8, mens akkumulatorane som vi og andre sel til vanleg har forholdet 1:2,5. Det betyr at denne akkumulatoren har mykje større tryggleiksmargin. Dessutan er denne godkjent for temperaturar mellom -30 og +120 grader C. Dei vanlege toler ned til -15 grader C, og det er ikkje godt nok her i landet. Difor vil eg frårå at bonden brukar ein akkumulator som han finn på noko gammalt utstyr, eller ein som ikkje har minst like gode spesifikasjonar. Å spare dei siste kronene på ein akkumulator som ikkje held mål er det liten vits i. Levetida på den kan bli kort.

Kjapp montering

Monteringa av demparen er fort gjort. Vi har brukt frontlastar som døme.

Det som tar lengst tid, er å lage ein passande brakett til akkumulatoren. Den kan du plassere der du vil. I dei fleste høve kan det passe å ha den bak eine lastararmen, for der er den ute av vegen, og stel ikkje sikt. Akkumulatoren har utvendige gjengar, og kan dermed festast fast i eit flatstål med ein mutter. Så er det berre å legge opp slange og eventuelle bend fram til T-stykket. Dette skruar du inn mellom røret på lastararmen og slangen frå stempelsida på den eine løftesylinderen.

Enkel justering

Når du ettermonterer eit slikt uoriginalt system, må det kalibrerast for å passe til reiskapen det er montert på. Det er enkelt. På ein frontlastar med tom skuffe løftar du denne til køyrestilling. På toppen av akkumulatoren er det ein umbrakoskrue som du kan skru opp. Du slepp ut gass til du ser at lastaren tar til å sige. Då stengjer du.

Kran eller magnetventil

Vil du ha høve til å slå av dempinga, kan du enten montere ei vanleg kulekran, eller du kan sette på ein magnetventil. Med den kan du kople demparen inn og ut frå førarhytta.

Systemet kan også fiffast opp med anna ekstrautstyr. For bruk på gaffeltruck har Halvard Hallum laga ei løysing med strupetilbakeslagsventil. Dermed oppnår du demping, samstundes som du unngår at gaffelen sprett ukontrollert opp att. Dette er ei fin løysing som også kan fungere på traktorar med enkeltvirkande frontlastar.

Hallum fortel at demparane på større hjullastarar er kopla slik at ein magnetventil stengjer for demparen i dei lågaste gira.

- Berre fantasien set grenser for korleis dette kan brukast. Dei med gode idear og kunnskapar kan få til mykje godt med dette som grunnlag.

Demosett

Dersom du er i tvil om du vil ha dempar på frontlastaren, har Tess eit demosett som du kan kople direkte på lastarsentralen. Det kan sjølvsagt også brukast på alt anna hydraulisk utstyr med hurtigkoplingar. Dermed er det fritt fram dersom du har ein ide til noko du vil dempe. Har du hurtigkopling på slangane finn du fort ut om demping har noko føre seg.

Som Caterpillar

Dette systemet er ikkje ulikt det Caterpillar har brukt på hjullastarane sine i årevis. I prinsippet er det heller ikkje så ulikt frå nokre av løysingane som er å sjå originalt på frontlastarar. Største skilnaden er at dette ikkje dempar særleg mykje når lastaren er tom.

Per Kristian Kylstad meiner at det ikkje gjer noko. Han har hatt dette systemet på den eine traktoren sin i to og eit halvt år, og køyrd 2000 timar med det.

- Når lastaren er tom, er det heller ikkje så nødvendig å dempe han. Det er når eg køyrer med lass at eg treng demping, og då fungerer dette like godt som originale system som eg har prøvd.

Verken han eller Hallum ser noko problem i at demparen berre er kopla til på ei side. Dei to løftesylindrane er trass alt kopla saman frå før.

Både framme og bak

Kylstad har dessutan dempa trepunktshydraulikken bak på same måten. Traktoren, ein Valmet Mezzo, er for gammal til å ha svingingsdemping innebygd i EHR-systemet.

Kylstad driv med snøbrøyting i Hamar om vinteren, og tok til å bli lei av at snøfresaren bak herja med traktoren under transport. Difor ville han prøve dempinga også der. Det har fungert heilt fint.

- Der eg før nesten vart kasta ut av setet om det gjekk for fort, går traktoren heilt stødig no, takka vere dempinga av trepunkten. Eg har ei kran slik at eg kan kople ut demparen ved behov, men den treng eg eigentleg ikkje. Sjølv ved pløying med treskjærs vendeplog ser det ut til å gå greitt. Det virkar som om hydraulikkreguleringa arbeider like godt uansett. Traktoren har blitt ein heilt annan å køyre med lass framme og bak.

Powered by Labrador CMS