reime lammingsbinge

Reime satsar tungt på sau

Torsdag opnar Agroteknikk. Mellom alle som har jobba hardt før utstillinga finn vi Reime, som stiller med eit komplett nytt sortiment for sau, frå grinder til handteringsboks og spilefri lammesikker front. 

Publisert

Etter at Reime mista salet av Knarrhult, bestemte dei seg for å heller satse på eit eigenutvikla sortiment. To av nyheitene er alt kjende, med den sølvpremierte handteringsboksen og grindene med det nye koplingssystemet, som også fekk sølvaks frå juryen. Men ikkje nok med det. Reime har forska seg fram til ein lydlaus og spilefri lammesikker front, og ein multifunksjonell lammingsboks.

Vege- og handteringsboks frå 50 vfs

Låsesystemet som går att på all saueinnreiinga frå Reime har faste låseteiner og trekløver-øyre.

Vege- og sorteringsboksen er særleg godt eigna for deg som vil ta den med mellom ulike lokalitetar. Den kan nemleg delast opp i fem deler, flatpakkast, og transporterast i ein passeleg liten bil. Boksen har også innebygd tovegs sortering, og den passar til grindsystemet Reime presenterer. Den er bygd slik at den kan stå oppmontert i fjøset, utan risiko for at lam set seg fast innunder. Prisen er lova å vere låg nok til at bønder med 50 vinterfôra sau skal tykkje det er verdt investeringa. Det er blitt mogeleg mellom anna ved at elektronikken er bygd for denne boksen frå grunnen av, i staden for å vere nedskalert frå noko større og dyrare.

Grinder med trekløver-øyre

Fire grinder kan låsast i fast vinkel mot kvarandre, og du kan ta ut valfri grind utan at dei andre vert lause.

Sauegrindene vi har sett på marknaden til no har i stor grad vore tilpassa utedrift, så er dei blitt brukte inne i norske fjøs, meiner Reime. No har Reime laga eit grindsystem dei meiner tar utgangspunkt i innebruk. Veggpanela er i plast, og med det tette opp til litt over siktehøgde for sauen. Over der er to plastrør-profilar som skal hindre spretne dyr å kome over. Konstruksjonen held tett mot tilgrensande areal. Nyttig både med tanke på skit og sikt. Grindene er tette heilt ned til golvet for å vere trygge for lam, og stålprofilane er utforma for å ikkje gjere skade på plastgolv. Vil du justere storleiken på grindene, er skrutrekkar og handsag alt du treng.

Ein spesiell eigenskap er integrerte låseteiner, ein på kvar ende. Du treng ikkje dra opp meir enn ca. fem centimeter for å låse eller opne, så her kan det vere lågt under taket. Låseteina blir aldri borte. På kvart festepunkt er det tre låseøyre. Dermed kan du feste grindene fleksibelt, du kan låse dei i 90 eller 180 grader til kvarandre, eller du kan ha inntil fire grinder kopla i eitt punkt, og kople til og frå ei av dei utan at dei andre blir påverka.

Stille lammesikker front

Denne gummibelgen lurer lamma til å tru at der ikkje finst nokon fluktveg gjennom eteopninga. Søyene veit betre.

Det finst mange måtar å lage stengsler på. Til no har dei lammesikre frontane vore fysiske sperrer. Reime lagar ei mental sperre i staden. I underkant av eteopninga ligg ei gummipølse. Den er så mjuk at sauene trykkjer den inn når dei skal ete. På det viset er ikkje lammesikringa til hinder for dei vaksne dyra. Derimot trur ikkje lamma at der er nokon opning der oppe. Sett frå deira synsvinkel er der nemleg berre ei stor gummipølse, og ingenting interessant. Under utprøvinga har lammesikringa vist seg nær 100 prosent effektiv.

Multifunksjonell lammingsboks

Sauen har best av å få stå i fred med dei nyfødde lamma, meiner Reime. Då må søya få mat og skjul der det er, og du må kunne lage til lammingsboksane på ein effektiv måte. Basert på grindsystemet kjem ein modul nærast utforma som ein Y set oppefrå. I kløfta på Y-en er ei krubbe til grovfôr og kraftfôr, der to dyr kan ete frå kvar sin kant. Framom krubba er ei plate røktaren lett kan plukke ned for å handtere fôret. Høgda på krubba er akkurat passe til at du kan sitte der om du er inne i bingen for å hjelpe under lamminga. Når modulen skal flyttast, løftar du i enden og trillar på hjula i framkant av krubba. Takka vere trekløver-øyra kan du opne fronten på eine lammeboksen utan fare for at naboboksen skal gå opp.

Skiljegrind, fôringsplass, sitjeplass for fødselshjelpar, og til og med greitt handterbar nemner Anders Konglevoll i Reime om den nye lammingsbingen.

Powered by Labrador CMS