Golva som har svikta ser ut til å ha tre ting til felles: AH-dragar, strekkmetall og plastrister.
Reime har tilpassa ulike sikringselement som kundar med Reime systemgolv kan få vederlagsfritt til montering.

Dette er fellesnevnerne i sauegulvene som kollapset

Reime har gått grundig til verks for å avdekke feil etter golvkollapsane tidlegare i år. No er fleire sikringstiltak på plass.

Publisert

– Hendingane med svikt i golv har gått sterkt inn på heile Reime-organisasjonen. Vi har lagt ned store ressursar i eit møysommeleg arbeid med å snu kvar stein for å finne ut kva som har skjedd, også med hjelp av ekspertar utanfrå, fortel Reime-sjef Erik Joa.

Han nemner at 85 prosent av omsetninga i selskapet kjem frå det norske landbruket, og at selskapet er heilt avhengig av tillit og godt omdøme i det norske landbruket.

Fleire forhold spelar inn

Det er mange faktorar som har spelt inn der det har vore svikt, inklusive slikt som går på det bygningstekniske.

Om vi ser isolert på sjølve golvkonstruksjonen, har dei sviktande golva tre ting til felles: Der er brukt AH fagverksdragar i kombinasjon med strekkmetall og plastrister.

– Fagverksdragaren hadde fram til i fjor vinter flattstål i overgurten. Den har i seg sjølv ikkje sideavstiving, men er avhengig av å bli stiva av ved hjelp av ristene som ligg oppå. Dersom ei rist av ein eller annan grunn hevar seg opp så den ikkje bidrar til å låse dragaren, kan dragaren svinge ut og det oppstår ein kjedereaksjon der eit område av golvet kan svikte og ramle ned, forklarer Erik Joa.

– Plastristene og strekkmetallristene er av ulike materiale. Strekkmetallristene ligg noko friare enn plastristene, utdjupar han.

Må ha passiv sikring

Reime har slått fast at risikoen med Tulla Systemgulv er for høg utan passiv sikring. I fjor kom selskapet med eit spesielt sikringsanker for å låse ristene. No er fleire nye passive sikringsløysingar på plass. Ved montering av desse vil golvet bli trygt.

Reime tilbyr desse sikringselementa vederlagsfritt til kundar med Tulla systemgulv. Sikringselementa blir leverte komplette, tilpassa ulike kombinasjonar av golv og dragar.

Dei ulike typane sikringsanker er:

    • Sikringsanker plastrist, til bruk rundt fôrkasse og på sterkt trafikkerte areal
    • Sikring til strekkmetallrist mot dragar
    • Sikring til strekkmetallrist mot dragar og fôrkasse
    • Passiv sikring til AH dragar. Gir sidevegs avstiving og reduserer nedbøying.

Om dette er aktuelt for deg, kontaktar du den du fekk levert golvet frå for rettleiing og bestilling.

Spesialtiltak for lange dragarar

For spesialproduserte AH-dragarar med lange spenn er det aktuelt med andre tiltak. Her vil Reime gjere individuelle vurderingar i samråd med kunde i kvar enkelt sak.

Sviktande sauegolv frå Reime

Golvtypen, som går under namnet Tulla systemgulv, er som namnet tilseier ein komplett pakke der ulike komponentar blir sett saman til eit system. Det inneber at alle komponentane har ein gitt funksjon, slik at konstruksjon og montering må vere rett utført.

Ein viktig komponent er tverrliggaren, som i dette tilfellet er ein fagverkskonstruksjon. Denne typen tverrliggar er i siste katalogen frå Reime marknadsført med spenn på tre til fem meter. Den er sterk på loddrett last, men ikkje like sterk sidelengs. Der er det meininga at golvkonstruksjonen elles skal fungere som avstiving. Den kan samanliknast med ein takstol: Svært sterk opp og ned, men heilt avhengig av avstiving for å stå stødig, og sårbar for feilmontering.

Golvtypen er levert i fleire hundre fjøs over heile landet. I vår ramla golvet ned i fleire fjøs, og dette har også skjedd tidlegare. Mange sauebønder er blitt beint ut redde for å bruke fjøset etter dei dramatiske hendingane. Til no er ikkje menneske blitt skadde i golvkollapsa, men fleire sauer har bøtt med livet.

Powered by Labrador CMS