Du er her

Registreringskrøll for tømmervogner

Siste veka er minst fem personar bøtlagde med 3000 kroner kvar for å køyre uregistrert tømmervogn med kran, vogner som ikkje er registreringspliktige og dermed ikkje lovleg å registrere.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 27.05.2014 11:00

Johannes Nybakken i Skogsverktøy tykkjer det er rart at nokre kontrollørar iherdig gir traktorførarar med skogsvogn bot og prikkbelastning tilsynelatande utan å ha regelverket på si side (arkivfoto).

Til no har det vore vanleg å rekne tømmervogn med kran som "utskiftbar trukket maskin" (tilhengarreiskap), altså ikkje "tilhengar". Det er registreringsplikt på hengar, men ikkje på tilhengarreiskap, og det er ulovleg å registrere ikkje registreringspliktig reiskap. Dermed er vi no i den situasjonen at folk som har reiskap som dei ikkje får registrere på trafikkstasjonen, blir bøtlagt fordi den ikkje er registrert. I tillegg vankar det prikkar i førarkortet. Enkelte har fått køyreforbod, mens ein fekk politieskorte for å kome seg heimatt. At vedkomande følte seg ufortjent kriminalisert mens  halve grenda observerte traktoren i følgje med saktekøyrande politibil treng vi ikkje utbrodere. Problemet gjeld særleg i ein viss omkrins ut frå Elverum i Hedmark, men har dels spreidd seg noko i det siste. Problemstillinga er også tidlegare omtalt her på gardsdrift.no.


Behandlar materiale

" Gjeldande regelverk finn vi i kjøretøyforskrifta, § 2-4 pkt. 2 og 3, der trafikkstasjonar flest, og også leverandørar, produsentar og Bedre Gardsdrift, meiner formuleringa "konstruert til å behandle materialer" er den avgjerande. Eit tømmervogn med kran behandlar eit materiale, på same måte som ei pumpe på ei gjødselvogn eller avlessar-elevatoren på ei avlessarvogn for gras. Dette er innretningar som aktivt bidrar til å lesse eller losse eit materiale, til skilnad frå ein rein tilhengar med tipp. Alle desse typane vogner har til no vore definerte som tilhengarreiskap. Det som i forskrifta er definert som tilhengar, er vogner der transportfunksjonen er det primære og der konstruksjonen er meir passiv i høve til lessing/lossing. Det vi no ser er ei ikkje varsla endring av praksis i visse område av landet.


Unikt for Noreg

Det kan også nemnast at det ikkje blir stilt krav til registrering av tømmervogn i nabolanda våre. Difor er tømmervognene er produserte og elles godkjende på alle vis, utan klargjort plass til skilt. Til dømes melder Farma, som er av dei store produsentane av tømmervogner, at absolutt ingen av deira marknader, bortsett frå Elverums-området i Noreg, stiller krav til registrering. Saka handlar ikkje om i kva grad tømmervognene skal ha tilfredsstillande bremser, lysutstyr og anna som gjeld tryggleiken – den biten er udiskutabel, uavhengig av registrering.


Nye EU-reglar i 2016

Tilhengar og tilhengarreiskap er av det som vil ligge inn under EUs nye regelverk for traktorar. Dermed kan vi vente oss nye reglar frå 2016, noko du kan lese om i BG 5/2014. Då er det meiningslaust å innføre endra praksis for tømmervogner i Noreg berre nokre få år, særleg når denne nye praksisen nærast kjem ut av ingenting.


Nemnt i brev, ventar på svar

Skiljet mellom registeringspliktig og ikkje registreringspliktig utstyr er mellom dei mange punkta nemnde i brevet dåverande samferdsle- og landbruksministrar Arnstad og Vedum fekk i februar 2013. Dåverande regjering svarte ikkje på det som vart tatt opp i brevet. Enno er det heller ikkje kome noko svar frå sitjande regjering, men seinast sist veke var Bedre Gardsdrift i kontakt med politisk leiing i samferdsledepartementet for å gå gjennom aktuelle emne. Vi har etter møtet også gjort departementet merksam på innhaldet i denne artikkelen.


Har du opplevd noko?

Er du stoppa med tømmervogn eller har du andre underlege opplevingar langs vegen? Kontakt oss gjerne og informer om kva som har skjedd. Bruk epost jogeir@askmedia.no eller ring 90 64 65 53.

"