Du er her

Prisdøme

Korleis finne rett pris i Bedre Gardsdrifts lister for maskinleige og leigekøyring
Av Anonym
Publisert 01.12.1999 12:00

Generelt
Vurder om middelprisen er rett i ditt område og tilfelle, eller om det passar betre å strekke seg mot minste eller største oppgitte pris. Det er ingenting i vegen for å legge seg over eller under høgaste/lågaste oppgitte pris, om det er ein god grunn til det.
Ofte er det smart å ta minstepris. Vurder kva som er passande betaling for køyring til og frå oppdraget. Lista er rettleiande, og krev at dei som brukar den tenkjer sjølve.

Leigekøyring, arbeidet står i lista for leigekøyringDersom arbeidet som skal gjerast står i lista for leigekøyring, er det ganske greitt. Har du valet mellom eksempelvis pris pr. time og pris pr. dekar, finn ut kva som er mest passande. Under greie forhold og med grei tilrettelegging, er det naturleg å velje dekarpris. Er det vanskelege forhold (arrondering, helling, drenering, stein, hindringar osv) kan det vere naturleg å velje timepris. Då har den som er innleigd betre tid til å gjere ein skikkeleg jobb.

Leigekøyring, arbeidet står IKKJE i lista for leigekøyringFinn prisar for førar, traktor og reiskap i lista for maskinleige. Bestem nivået for kvar enkelt av desse. Summer.

Døme: Såing med grasfrømaskin, pr. time:
- Traktor 80 hk (om traktoren er 130 hk, kan du ikkje ta betalt for heile effekten når lett arbeid blir utført): 1,70 kr/hk x 80 hk = 136 kr
- Tvillinghjul: 136 kr x 5 % = 7 kr
- Førar: 175 kr
- Såmaskin 2,5 meter: 25 kr/m x 2,5 m = 63 kr
SUM: 381 kr pr. timeHer kan det med andre ord vere rett å ta mellom 350 og 400 kr pr. time. Når førar er medrekna, er det medgåtte timar, ikkje traktortimar, som normalt blir talt. Tillegg: Transport, MVA. Innstilling av såmaskina blir tatt med i medgått tid, men hadde såinga vore betalt pr. dekar, kjem gjerne betaling for innstilling i tillegg.

Maskinleige
Om du leiger berre ein steinsvans, eller komplett traktor med reiskap, plukk prisar frå lista og summer, som i dømet over. Legg eventuelt til tillegg for sololeige, altså for leige utan førar. Det kostar ofte ekstra, grunna større risiko for skade på utstyret, høgare forsikringspremie ved omfattande slik utleige og anna.

Døme: Ein i grenda har kjøpt ny trommel, som blir leigd ut både med og utan traktor/førar. Du vil køyre sjølv, og treng ein dag på å nå over den store garden.
Trommel crosskill m/ sloddeplank, 4,5 meter: 40 kr/m x 4,5 m = 180 kr
Tillegg for leige utan førar: 180 kr x 25 % = 45 kr
Sum pr. time: 225 kr
Dagleige: 225 kr/time x 8 timar = 1800 kr/dagI og med at trommelen både blir henta og levert hos eigaren, og at du tar reingjering og smørjing sjølv når jobben er gjort, kjem einast MVA i tillegg.