Du er her

Pris på prat er tøys

Den eine prisen som er oppdikta i årets maskinleigeprisliste er "Samtaleprisen". Trygve Mjølhus frå Sømna er mellom mange som fann ut det
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 11.05.2016 07:02

Caps og Flaxlodd blir lagt i posten om få dagar, som premie til Trygve Mjølhus på Sømna. Han fann ut, slik som mange andre, at prisen øvst på side 52, i andre spalte, er årets tullepris. Der står nemleg dette punktet: "Samtalepris, drøfting av laust og fast, pr. time (+ 20 prosent for samtidig motor på tomgang)".

Rett nok er dette ei type hending som støtt og stadig skjer, men vi har ikkje fått inn nokon eigen pris på slikt. Nokre av dei som har svart tykkjer ideen er så god at dei lurer på å ta i bruk slik takst, mens andre slær fast at å prate med andre bønder er såpass verdifullt på at det ikkje går an å ta betalt for det.

For ordens skuld nemner vi at alle dei andre prisane i lista skal vere til å stole på. Prislista finn du som eige bilag til Bedre Gardsdrift nr. 3 2016. Om du ikkje har bladet, kan du laste ned ei digital utgåve her. Bestiller du eit eige abonnement er du sikra å få ei fersk prisliste i posten kvart år framover, så lenge du betaler nesten like mykje som det kostar for ein time med rundballesanking med traktor.

Faktaboks

Bedre Gardsdrifts maskinleigeprisliste omfattar prisar på nær 500 arbeidsoperasjonar og reiskapstypar. Med lågaste og høgaste representative pris og ein unik middelpris som speglar det mest vanlege prisnivået i marknaden, er prislista eit svært nyttig verktøy for Bedre Gardsdrift sine abonnentar. Maskinleigeprislista er berre å finne i papirversjonen av Bedre Gardsdrift, og såleis eksklusiv for abonnentane våre. 

Gjennom mange år har vi lagt inn ein tullepris, som klart og tydeleg ikkje har noko i ei slik liste å gjere. Finn du denne, kan du vinne ein premie. Tidlegare tulleprisar er til dømes

  • Utlegging av kornsirklar
  • Mannen med ljåen
  • Nedbygging av matjord, Sylvipengar pr. dekar
  • Frihandstatovering av gris