- Positivt for Noreg

Lars Wear, sjef i HCP Norge, ser positivt på at Söderberg & Haak overtar SDF-agenturet i Sverige. Frå før har HCP Norge og Söderberg & Haak god kommunikasjon om Krone grasutstyr.

Publisert

HCP Nordic har importen av Same Deutz-Fahr (SDF) gjennom sine selskap i Noreg, Danmark og Finland. HCP er også representert i Sverige, men berre med ein mann, og berre med Zetor, Iseki, Tanco og no også MultiOne.

HCP ikkje klar for SDF i Sverige

– Vi har ingen organisasjon i Sverige som er rigga til å handtere SDF. Produkta vi i dag sel der blir handtert av vår danske organisasjon, mens han vi har tilsett har ein støttefunksjon for salsapparatet. Difor har vi heller ikkje meldt oss på i forhandlingane om å overta importen av Same Deutz-Fahr etter at samarbeidet mellom førre importør og SDF vart avslutta, fortel Lars Wear, sjef for HCP Norge.

Positive ringverknader

Söderberg & Haak opererer berre på den svenske marknaden, og er såleis ingen konkurrent til HCP Norge. Til gjengjeld er Söderberg & Haak ein av dei største aktørane på landbruksmaskiner i Sverige. Denne styrken ventar Wear vil slå positivt ut for salet av Same Deutz-Fahr sine maskiner. – Produkta frå SDF har kvalitetar og eigenskapar som fortener ein større marknadsandel. Vi skal ikkje sjå bort frå at ei styrka satsing på SDF i Sverige også blir lagt merke til også her i landet, kommenterer Wear.

Snakkar saman frå før

Lars Wear reknar også med at kontakten på importsida mellom Sverige og Noreg blir styrka med Söderberg & Haak som ny svensk importør. – I dag har S&H importen av Krone i Sverige og vi har Noreg. Vi har god kommunikasjon, og det er

Powered by Labrador CMS