Bedre Gardsdrift har i alle år vore aktive på landbruksutstillingar i inn- og utland. Mest for å skrive om maskiner, men også for å føle stemninga og sjekke trykket. Rett og slett møte flinke og oppegåande bønder, høyre korleis dei har det og kva dei tenkjer om framtida. Vi har alltid med oss fleire inntrykk heimatt enn det som når spaltene våre.
Men bortsett frå til indremedisinsk bruk har ikkje norske landbruksutstillingar den heilt store funksjonen. Sist gong det var Agroteknikk, landets største og viktigaste landbruksutstilling, gadd ikkje ein gong landbruksministeren å stille opp.
I Frankrike er det annleis. Der må du på landbruksutstilling for å bli president. Akkurat no pågår Sima-utstillinga i Paris, der messehallane er stappfulle av maskiner. Samstundes er der også eit meir reindyrka husdyrsjå. Så skal du bli president, må du dit for å klappe kyr, som Dagbladets kommentator formulerer det. Også NRK P2 har nyss rapportert om presidentval og landbruksutstilling. Om Fillon, Macron og Le Pen, og om presidentar som Hollande og Chirac, som oppsøkjer strigla kyr, polerte traktorar og engasjerte bønder i messehallane i den franske hovudstaden.
Vi kan seie mykje både om fransk politikk og måten franske bønder ytrar seg på, særleg når dei føler veldig for å ytre seg sterkt om noko. Men det at øvste politikarane i landet tar landbruket såpass på alvor at dei kjem for å sjå kva som skjer (eller kanskje berre vise seg fram), det har vi trass alt sansen for.