Du er her

Plastprisen opp nær 20 prosent

Auke i plastprisen åleine gjer kvar einaste norske rundball minst sju kroner dyrare i 2016 enn i 2015.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 22.04.2016 19:15

I Bedre Gardsdrift nr. 3 2016 forklarer vi den viktigaste grunnen til årets prisauke på rundball. I BGs maskinleigeprisliste er middelprisen på pressa og pakka rundball opp ti kroner. Det aller meste av dette går beint utatt i høgare plastpris. 

I 2015 kosta ein rull med 1500 m rundballeplast mellom 535 og 585 kroner. Bedre Gardsdrift har gjort ei prisundersøking som viser ein gjennomsnittspris på 557 kroner.

I år er prisen mellom 630 og 690 kroner. Entreprenørane i prisundersøkinga vår betaler i snitt 663 kroner. Det er ein auke på 19 prosent, for same vare. Pr. rundball med åtte lag plast utgjer dette nær sju kroner ballen i snitt.

Valutaen er verst

Rundballeplast vert handla i Euro. I gjennomsnitt for 2014 var kursen omlag 8,4, eit nivå den stundom var innom også første kvartal 2015. Dei siste månadane har kursen ligge kring 9,5, og det er no rundballeplasten blir handla. For alle importerte varer gir svak krone eit direkte utslag på omlag 12 prosent.

Få produsentar

Rundballefoliemarknaden har få tunge produsentar. Trio og BPI er dei største, følgde av Aspla og Rani. Om vi også nemner Coveris (Unterland), er det meste sagt. Desse står først i køen for å få kvalitetsråstoff. Alle desse har norske importørar, så det er dårleg med plass for nye konkurrentar.

Miljøavgifta opp

I gjennomsnitt har prisen på ein 1500-meters rull rundballeplast gått opp 106 kroner, viser prisundersøkinga vår. For bønder som handlar i mindre kvantum er prisauken enda større.

Kring 65 kroner skriv seg frå valutasituasjonen. 35 kroner skuldast dyrare råvarer. Fem kroner er auka norsk miljøavgift. 

Heile artikkelen, som også forklarer marknadsmekanismane for plastfolie og råstoffet for denne, finn du i BG nr 3 2016. 

Faktaboks

Rundballeplasten er eit høgteknologisk plastprodukt, produsert av dei aller beste (og dyraste) råvarene. Desse tilbyr berre nokre få leverandørar. Når etterspurnaden etter råvara er større enn tilbodet, vert dei beste kvalitetane strypte først. Produsentane av rundballefolie har dei siste åra ikkje fått alt dei har bestilt av råvarer, og dei overbyr kvarandre for å få kjøpe meir.