JD 6930 gps eksteriør

Pass på GPS'en

Engelsk politi åtvarar bøndene, etter ein kraftig auke i tjuveri av GPS-system frå landbruksmaskiner. Dei langfingra plukkar med seg både antenner og skjerm, og ofte blir systema frakta austover.

Publisert

GPS-skjermen gir deg lite glede om den er i hendene på framande i staden for i traktorhytta.

Tilrådinga er at du i det minste tar med deg skjermen inn nattestid. Ei låst traktordør blir ikkje sett på som noko stort hinder for dei uærlege. Eit anna tips er å merke utstyret skikkeleg, melder FGInsight.com.

Til Aust-Europa

Problemet med tjuveri av GPS-system er anslått å påføre landbruket tap i millionklassen. Berre i området kring ein John Deere-forhandlar er det stole kring 30 system, kvar til ein pris kring 100 000 kroner. På den svarte marknaden blir GPS-systema selde for omlag halv pris, og ofte vert tjuvgodset omsett i Aust-Europa. Om handteringa er profesjonell nok, vil ikkje systema bli spora opp.

Problem i drifta

" Eit av offera for GPS-tjuveri fortel til FGInsight at han vart fråstolen to John Deere GPS-system. Rett nok fekk han nye på forsikringa, men det tok omlag ein månad å få dei nye på plass. I mellomtida var det tid for å så. – Alt vi hadde lagra av data gjekk tapt, og vi måtte så utan GPS, fortvilar bonden.

Powered by Labrador CMS