Du er her

På tide å ta ATV på alvor

Bruken av ATV har auka mykje dei seinare åra. Det same har ulukkestala.
Av Redaksjonen
Publisert 23.05.2017 04:32

Lederartikkelen er hentet fra Bedre Gardsdrift 4/2017.

ATV er ein type køyrety som verken er fugl eller fisk, eller meir presist: Den kan vere traktor, firehjuls motorsykkel eller moped, leiketøy, sportskøyrety, eller rett og slett berre “kjekt å ha”. Altså ei maskin som lett fell utanom både trafikkreglar og arbeidstilsynsreglar.

Sverige har litt romslegare reglar om ferdsle i utmark, med vesentleg større bruk av firhjulingar enn hos oss. Og ATV-ulukkene der blir forska på. Resultata er nedslåande. Ein rapport for perioden 1992–2007 viser at det var 39 omkomne, derav 85 prosent menn. Snittalder på omkomne var 44 år, medan 40 prosent av dei alvorleg skadde var under 15 år. Meir enn to tredelar av ulukkene er fritidskøyring. To av tre omkom fredag eller laurdag. Mellom dei omkomne der det vart tatt promilletest, hadde 60 prosent alkohol i blodet, med ei gjennomsnittleg promille på 2,0. 96 prosent er åleineulukker. Kring halvparten er knytt til vegkøyring. 36 prosent var velteulukker med påfølgande klemskader som dødsårsak. Om ATVane hadde vore utstyrt med veltebøyle, ville utfallet av ulukkene blitt svært mykje mildare.

Observasjonane frå Sverige samsvarer godt med det som er i ferd med å skje her i landet. Statistikken for ulukker langs norske vegar, som altså berre omfattar ein liten del av dei samla ATV-ulukkene, viser fem omkomne og 21 alvorleg eller svært alvorleg skadde etter køyring med ATV i 2015 og 2016. Fleire fylkeslag av Trygg Trafikk har tatt til orde for skjerpa reglar ved bruk av ATV: påbod om veltebøye, krav om bruk av hjelm, og krav om teoretisk og praktisk opplæring. Statens vegvesen har vore inne på det same og har foreslått å innføre ein eigen førarkortklasse for ATV.

Dette bør alle kunne stille seg bak. Likevel vil vi påstå at det vi treng vel så mykje som skjerpa regler, er ei real haldningsendring kring bruken av ATV. Når vi ser på ulykkestala for ATV, er det påfallande mange av ulykkene som skjer fordi ein bryter reglar som allereie
finst. Vi snakkar om køyring i rus, køyring med uregistrert køyretøy, køyring utan gyldig førarrett, og køyring med for mange passasjerar. 

Vi vil derfor oppfordra kvar og ein om å sjølv ta grep for å få ned ulukkestala. Skal du kjøpe ATV, kjøper du sjølvsagt ein med veltebøyle. Uansett kor fort ATVen din køyrer, er det fornuftig med hjelm. Passasjer er berre aktuelt om du har separat passasjersete. Dei færraste ATV-er er egna for barn, så ver svært varsam med å sleppe til barn. Og det burde ikkje vere naudsynt å seie det, men vi nemner det likevel: Rus og ATV er like uaktuelt som rus og alle andre former for køyring. Også utanfor offentleg veg.

Det er til ditt eige beste.

Se hva du kan lese om i Bedre Gardsdrift 4/2017 her


Bedre gardsdrift kommer ut ti ganger i året, og er Norges eneste frittstående landbruksfagblad. Vi fokuserer på teknikk, økonomi og vedlikehold, og har reportasjer fra hele landet. Årlig har vi minst 30 sider traktortester og 25 sider gardsanalyser.

Vil du bli bedre kjent med bladet?

Last ned bladet elektronisk

Eller bestill abonnement

Her får du et innblikk i hva vi skriver om