Du er her

Omkom i fullfôrblandar

Ein person er meldt omkomen etter at vedkomande kom oppi ein fullfôrblandar mens den var i drift. Ulukka skjedde på Ræge ved Sola i Rogaland.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 21.02.2014 18:15

Politiet fortel til Bedre Gardsdrift at ulukka vart meldt kring klokka 15.30 av ein bonde knytt til området. Det var ingen vitne til at ulukka skjedde. Alt tyder på at den omkomne var åleine.

– Vedkomande er komen oppi den traktordrivne fullfôrblandaren mens den gjekk. Vi veit ikkje korleis det har skjedd. Dei som er på plassen fortel at det står att mykje arbeid før dei kan reise derifrå, og det vil ta tid før vi sikkert kan stadfeste identiteten til den omkomne, seier politiets operasjonssentral til Bedre Gardsdrift.