BGnøttene 2015

Oj, det er snart julekalender!

I morgon er det visstnok første desember. Det kjem brått på. For å halde tida lovar BG-nissane at den aller første premien blir ei Fendt-klokke. 

Publisert

Det er rart med det. Omgrepet "som julekvelden på kjerringa" er lett å forstå for dei som opplever situasjonen "som julekalendaren på BG-nissane". Det kjem like brått kvart år, men nokre år enda bråare enn andre. Som til dømes i år. Der første desember faktisk er i morgon!

Har gått i andre tankar

Litt av grunnen til at BG-nissane må til å skunde seg, er at dei har gått i andre tankar i fleire dagar, nærast eit slags landbruksfagleg lukkerus. BG-nissane klarte nemleg å lure seg inn på Agroteknikk-utstillinga, der dei gøymde seg i ein kasse på eit bakrom heilt til utstillinga var stengt for kvelden. Då spratt dei fram, viser eit overvakingskamera, og pilte kringom utan at dei vart oppdaga av vaktene. Nissane prøvesat alle traktorane, tok på alle dei utstilte maskinene, sjekka ekstra grundig alt av mjølkeutstyr og husdyrinnreiing, og dei snappa minst ein sjokoladebit frå alle sjokoladeskålene. Men dei såkalla peparkakene fekk ligge i fred. Nissane meiner dei lagar betre peparkaker heime på låven. Ikkje så rart, for dei heimebakte peparkakene er bakte med skikkeleg smør.

Startar med god tid

Utmatta etter den lange utflukta og dei mange inntrykka er nissane faktisk litt bakpå no, men ikkje verre enn at dei har klart å finne fram den aller første pakken. Den er ei staseleg klokke frå Fendt, som har den dårlege eigenskapen at du kan sjå kor lite tid det er att for å få gjort det som gjerast må. Men nissane tenkjer som så at det er bra at ein nøtteknekkar der ute kan vinne denne klokka. Då kan nøtteknekkaren vere klar i tide kvar dag i heile førjulstida, og gle seg over det.

Har meir enn 24 pakkar i år også

Trass litt kaving akkurat no, lovar nissane at gåvesekken vil bli velfylt også i år. Dei fleste hovudpremiane er klare. Lista over dagspremiar er solid. Det som er sikkert, er at årets premietraktor blir ein John Deere til fri bruk i fire veker. Ein annan stor premie er fri bruk av ei BvL fullfôrvogn i fire veker, føresett at du har ei drift som passar. Her ligg fleire fabrikkturar i gåvesekken. Og vi kan gjerne ramse opp vidare: Gardsnamnskilt x 2, 1000 vedsekkar, magnetventil med spak, kjettingtang, slangemerkingssett, rundballenett eller breiplast, ymse gåvekort, modellar av reiskapar og eit fint utval av ulike klede.

Start med litt mimring

Ein fin måte å lade opp til første luke på er å sjekke fjorårets BG-nøtter. Du finn dei her, med spørsmål, svar, vinnarar, premiar og ikkje minst alle dei gode kommentarane som er unike for BG-nøttene.

Opplegget i år blir akkurat som i fjor. Berre pass på at du er klar i morgon, eller kan hende alt like over midnatt!

"
Powered by Labrador CMS