Traktor i trafikk

Nytt regelverk for førarkort

Frå nyttår gjeld nye reglar for traktorførarkort. Det blir vektgrense og 40 km/h-grense for dei som tar førarkort heretter, mens oppsparte rettar blir ført vidare.

Publisert

Regelverket er omtalt i Bedre Gardsdrift nr 10 2004. Her følgjer eit utdrag frå artikkelen:

Har du lov å køyre traktor før 1. januar 2005, har du lov å gjere det så lenge du har førarkort. Det er ingen grenser for vekt eller fart.

Skiftar du ut sjølve lappen, skal alle som i dag har rett til å køyre traktor automatisk få påført ein kode som vidarefører denne retten.

Omtrent uendra frå høyringsutkastet

Det gjeld same om du har sirkla om Oslo sentrum heile livet, og berre køyrt Corolla, eller om du er oppvaksen i ein traktor. Koden heiter 142. For å vere på den sikre sida bør du sjekke dette om får nytt kort.

Pass på at det ikkje står 144, som gir både 40 km/h-grense og 25-tonnsgrense. Det er ingen krav til at du skal skifte ut førarkortet og få påstempla koden no.Høyringsutkastet er grundig omtalt i BG 5/04 (les artikkelen her). Forksrifta er så godt som uendra frå utkastet.

Tar du førarkort frå no, har du berre lov å køyre traktorar som maksimalt går 40 km/h, om du har førarkort klasse T (traktor) eller BE (personbil med hengar over 750 kg). Dei to første åra med førarkort klasse T, eller fram til du fyller 21 år, kan du berre køyre traktor, traktor med hengar eller motorreiskap (treskar, hjulgåande gravemaskin, dumper osv) der tillatt totalvekt er under 25 000 kg til saman.

Etter det fell vektgrensa bort, mens fartsgrensa blir ståande. For klasse BE gjeld vektgrensa for alltid. Du kan ikkje køyre traktor med klasse B tatt etter nyttår.

Ikkje lenger moped

Om du ikkje har godkjent førarkort datert før årsskiftet, må du ta klasse C eller CE for å køyre traktor i meir enn 40 km/h. Klasse C er for lastebil, og gjeld også traktor utan hengar. CE er vogntog. Då kan du nær sagt køyre kva som helst.

Du kan heretter ikkje køyre moped om du berre har T på førarkortet. Då må du ta eigne førarkort for to eller tre/firehjuls moped (ATV).

Heile artikkelen står på trykk i BG 10/04, som kom ut før jul i 2004.

Les meir her

- Innhaldsliste/heile forsrifta

- Førarrett, førarkortklassar, alderskrav

- Kodar for førarrett

I visse fall får du påført ein kode på førarkortet. Det gjeld mellom anna om du treng eit nytt kort

"
Powered by Labrador CMS