Balletransport på lastebil er mellom dei nye prispunkta i årets liste.

Nye punkt i maskinleigeprislista

Kva skal du ta betalt om du brukar breiplast i staden for nett? Tar du ekstra for tresking av legde?

Publisert

Og kva er timeprisen når trommelen er omlag seks til åtte meter brei? Eller timeprisen for rundballetransport med lastebil? Alt sånt kan Bedre Gardsdrift gi deg svaret på.

Årets maskinleigeprisliste frå Bedre Gardsdrift er straks på veg til ein postkasse nær deg. Kan hende til og med din postkasse, om du er mellom dei over 17 000 som abonnerer på BG.

Kvart einaste år gjer vi visse justeringar av lista, rett og slett for å tilby deg eit produkt som er enda litt betre enn det du fekk i fjor. Difor har vi 23 nye punkt i år, som ikkje var med i fjor. Prislista byggjer på innmelde prisar frå bønder og entreprenørar over heile landet, og vi har visse krav før vi set ein pris på trykk. Mellom anna må vi vere sikker på at bakgrunnen for prisen er solid nok. Difor kan det ta nokre år før vi ser ein type pris første gongen, til den kjem på trykk.

Her er arbeidsoperasjonane som er nye i årets prisliste:

Leigekøyring

  • Trommel, 6-8 m, pr. time
  • Semitrailer, ca. 30 kubikkmeter, med pumpe, pr. time
  • Beitepussing, ca. 2,5-3 m, steinete/krevjande terreng
  • Beitepussar, tohjulstraktor
  • Venderive, pr. daa
  • Traktor med tradisjonell avlessarvogn/grastilhengar, pr. time
  • Rundball: tillegg for breiplast i staden for nett
  • Balletransport på lastebil med kran, pr. time
  • Pressing, stor firkantbunt med kutting, pr. kubikkmeter (utan kutting: - 10-15%)
  • Korn: tillegg for tresking av legde
  • Korntørking, prosent av tørketrekktabellen
  • Potetsetting, firerads heilautomat, pr. time
  • Traktor med flishoggar (Ø 20-30 cm), pr. time
  • Gravemaskin 8-14 t med klippeaggregat for skogsvirke, pr. time
  • Container til krokløft 23-35 kubikkmeter, pr. dag
  • Grøfting, komplett inkl. rørdeler, overdekking etc., pr. m
  • Attfylling av grøft, pr. m
  • Resetting av stikker

Maskinleige

  • Tillegg for sein tilbakelevering, pr. dag, alt. 2
  • Traktor, ca. 150-200 hk, eks. diesel, pr. time
  • Leige av lagerplass for gjødsel, kr pr. kubikkmeter pr. sesong
  • Reiskapshus, kaldtlager for campingvogn/båt etc, pr. kvadratmeter pr. mnd

Kor du finn prislista? I postkassen. Sånn omlag midt i april. For BGs maskinleigeprisliste er eksklusiv for abonnentane våre. Vi ser på den som eit verdipapir, og deler den meir enn gjerne med alle som har abonnement på bladet. Andre plassar er den ikkje å finne. Eit årsabonnement på Bedre Gardsdrift kostar omlag like mykje som å leige ein vanleg plenklippar ein dag.

Bedre Gadrsdrifts maskinleigeprisliste er den desidert mest omfattande lista av sitt slag, med prisar på kring 500 arbeidsoperasjonar og reiskapstypar. 

Lista kjem som eit stifta bilag til Bedre Gardsdrift nr. 3 2016, postlagt i veke 15. 

Prislista blir oppdatert kvart år, basert på innmelde prisar frå bønder og entreprenørar over heile landet. Kjeldematerialet omfattar kring 7000 prispunkt. 

Powered by Labrador CMS